Angara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Angara er òg eit alternativt namn på kontinentet Siberia.
Angara
Angara Stones.jpg
Utspring Bajkalsjøen
- Høgd 456 moh
Munning Jenisej
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1779 km
Middelvassføring 120 km³/år
Nedslagsfelt 1 039 000 km²
Angara - Nedslagsfeltet til Angara
Nedslagsfeltet til Angara

Angara (russisk Ангара́) er ei 1779 km lang elv i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj, søraust i Sibir i Russland. Ho er den einaste elva som renn ut frå Bajkalsjøen og er ei av kjeldeelvane til Jenisej.[1]

Angara renn ut frå Bajkalsjøen nær Listvjanka og renn ordover gjennom byane Irkutsk, Angarsk, Bratsk og Ust-Ilimsk i Irkutsk oblast. Ho snur så vestover og inn i Krasnojarsk kraj, og munnar ut i Jenisej nær Strelka (40 km aust for Lesosibirsk).

Stykket av elva nedanfor samløpet med Ilim vart tidlegare kalla for Øvre Tunguska (russisk Верхняя Тунгуска, Verkhnjaja Tunguska).

Demningar og reservoar[endre | endre wikiteksten]

Tre store vasskraftverk er bygd langs Angara sidan 1950-åra.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Angara i Irkutsk

Angara vert nytta til transport i fleire stykke av elva.[2][3][4]

  • frå Bajkalsjøen til Irkutsk;
  • frå Irkutsk til Bratsk;
  • på Ust-Ilimsk-reservoaret;
  • frå Bogutsjanyjdemininga til elva munnar ut i Jenisej.

Stykket mellom Ust-Ilimsk-demninga og Bogutsjanyjdemninga har ikkje vore framkommeleg på grunn av stryk. Når Bogutsjanyjdemninga står ferdig og er fyllt opp vil derimot delar av dette stykket verte framkommeleg. Ingen av dei fire demningane er utstyrt med sluser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Angara

Kjelder[endre | endre wikiteksten]