Breakdans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breakdansarar frå Thailand.
Foto: Sry85

Breakdans, breaking eller som i engelsk breakdance er ein dansestil innan hiphopkulturen som oppstod i New York på slutten av 1960-talet. Han er kjend for visse særmerke, som snurring på hovudet og at dansaren frys i ei viss, gjerne krevande, stilling. Det er vanleg å dansa åleine, som ei slags oppvising eller i duellar («battle») mellom utøvarar. Ein kan breakdansa til ulike slag musikk, men hip-hop og remixar med «breaks» (pausar) som passar dansestilen er vanleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Breakdans i Union Square i New York.
Foto: boltron, 2007

Dansen blei utvikla av afroamerikansk og latinamerikansk ungdom i New York-bydelen South Bronx. Han kjem frå ei rekke andre dansestilar, som rocking, og har element frå kampsporter som capoeira. Ordet «break» viser til vanen DJ-ar hadde med å forlenga rytmedelen av låtar ved hjelp av to platespelarar. Til denne rytmen kunne utøvarar visa fram dansedugleiken sin, og utvikla meir akrobatiske trinn.

Breakdansoppvising i Tyrkia.
Foto: E. Başak

På 1980-talet spreidde dansen seg frå USA til resten av verda gjennom MTV, der musikkvideoar av artistar som Michael Jackson viste fram element frå dansen, og filmar som Flashdance, Wild Style, Beat Street og Breakin’.

Ein breakdansar blir ofte kalla b-boy eller b-girl, alt etter kjønnet, og stilen kan også kallast b-boying. Som andre sider ved hiphopkulturen har stilen lenge vore mannsdominert

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Utøvarar av breakdans har utstyr og klede som gjer det lettare å utføra tricks og som har ein viss stil. Dei bruker gjerne idrettssko av typar som var populære på 1980-talet, som Pro-Keds, Adidas, Puma eller Fila, med tjukke, mønstra lisser. Klede av glatte kunststoff, som nylon, gjer det lettare for utøvaren å skli på golvet som han vil, medan hettegenserar og luer hjelper ein til å snurra rundt på hovudet.

Til det stereotypiske biletet av ein breakdansar på gata høyrer også ein stor ghettoblastar og eit danseunderlag av papp.

Breakdans i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dansen kom til Noreg på 1980-talet, og herja stort i Østfold-området. Mange av dei største breakarane var frå Sarpsborg og Fredrikstad. Seinare sokk talet på utøvarar i dette området, medan dansen spreidde seg til resten av landet. Atomic B-Boys frå Oslo er ei dansegruppe som har utmerkt seg internasjonalt. På 2000-talet tok FRIKAR dance company i bruk breakdans i førestillingane sine saman med lausdans og capoeira.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Breakdans

Kjelder[endre | endre wikiteksten]