Lausdans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallgrim Hansegård frå FRIKAR dance company gjer hallingkast under ei framsyning av Peer Gynt ved Gålåvatnet.

Lausdans eller halling er nemninga på ein gamal folkedanstype som er nytta i Noreg. Ordet lausdans tyder at dansaren eller dansarane er «lause» og dansar aleine, motsett pardansen springar. I Valdres kallar ein det å danse åleine for å danse «laus» og det å danse i par (bunden) for å danse «bunde». Lausdansen går ofte inn som ein deltur i tradisjonell springar, bonde og gangardans. Dansen har vore kalla «laus» i Valdres og Hallingdal. Ei nærliggande danseform er irsk reel.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «halling» har lenge vore rekna som knytt til landskapsnamnet Hallingdal, sjølv om nabodalen Valdres har like rikt historisk materiale for lausdans.[1] Det er òg blitt hevda at namnet skriv seg frå ordet «halv», og skal vise til at dansen var ein fordans til springaren. Hallingen skulle soleis vere «halve» dansen i ei større lekkje av dansar.[2] Denne teorien har støtte gjennom bruken av orda «halving» eller «halling» og «kvarting» om halvdelar og fjerdedelar mellom bygdefolk utanfor Valdres og Hallingdal.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av norske soldatar som dansar lausdans i Malmö i 1848.

Lausdansen har for det meste vore ein rein karfolkdans. Det finst døme heilt tilbake til 1700-talet på spreke jenter som og har kasta seg utpå, og nokre av dei, slike som Rande-Ambjørg, var så glupe dansarar at dei var jamlike med dei beste karane. Dansen var ofte nytta for at unge og lettføre karar skulle syne krefter mot kvarandre, og for jentene.

Dansen har vore utført noko ulikt i dei ulike dalføra, men rekkefølgja på turane er oftast lik. Dansaren byrjar med nokre lette springesteg før han tek på med meir avanserte godkarsstykke, som til dømes å slå stiften, gå på hendene, snurre på hovudet og andre avanserte turar, som har vore og er knytt til dansen (korketrekkaren, nakkespretten, hoppe over leggen, kaste over geite, kruking).

Klimaks i dansen er ofte hallingkastet, der det er om å gjera å spenne ned ein hatt frå ein kjepp. Dei sprekaste dansarane har nådd rundt 2,80 meter opp i lufta i dei høgaste kasta.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

I historisk tid har dei gode lausdansarane vore vidgjetne for dansekunsta si, og ikkje så lite byrge av ho. Eit godt døme på dette er Rotneims-Knut. Gode dansarar har ofte fått lausslåttar kalla opp etter seg til minne. Samstundes har mange lausdansarar i gamal tid kome på kant med lova, av di dei ikkje berre var gode dansarar, men og snøgge til å trekke kniv. Det er fleire døme på drapssaker og skadesaker der gode lausdansarar har vore innblanda. God kroppsføring kunne også verke pacifistisk. Dyktige lausdansarar som ikkje innretta seg etter samfunnet sine normer, men var vande å ta i slosskamp, vart ikkje yppa på. Desse gjekk frikar som ein seier. Rotnheims-Knut, Sevle-guten, Kåte Reiar og Valdres-Knud er døme på slike frikarar.

Lausdans-klassa er i dag ein av dei mest populære delane av Landskappleiken, og dansarane i dag har godt omdøme.

Stilmessig har det vore påpeikt at dansestilen er skyldt til mange liknande karfolkdansar i andre verdslutar, slik som capoeira, reel frå Skottland og Irland, og i nyare tid breakdans. I nyare tid har yngre lausdansarar gjerne møtt og kappast med ulike dansarar frå desse stilartane.

Lausen har fått eit oppsving i popularitet på grunn av FRIKAR dance company, som nytta laus under finalen i Melodi Grand Prix i Moskva i 2009. Soleis er søkinga til lauskurs større enn på mange år, og det er like mange jenter som gutar på kursa. Hallgrim Hansegård mottok prisen for beste koreografi blant dei 43 europeiske innslaga under Eurovision 2009. Han har også vore ein ambassadør utad for lausdansen og var mellom anna ambassadør for Dansens dag i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Sylfest Lomheim i Språkteigen 25.10.2009
  2. Teorien om at namnet skriv seg frå eit ord «halvdans» var lansert i Spelemannsbladet, seinare teken oppatt i Klassekampen 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]