Brevdue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svensk døme på eit dueslag
Brevdue utstyrt med eit lett miniatyr-fotografiapparat, innstilt til å ta bilete etter ei viss tid, truleg nytta av tyskarane i den fyrste verdskrigen.
I dei britiske bombeflya Avro Lancaster under andre verdskrigen hadde dei med brevduer i kasser for å varsle om ulukke, naudlanding eller radioutstyr som ikkje fungerte.

Brevduer er tamme etterkommarar av klippedua, særleg avla fram for å finne vegen heim att etter å ha vore plassert ein anna stad. Dei kan fly inntil 1 000 kilometer med ei gjennomsnittsfart på ein kilometer i minuttet. Men brevduer flyr ikkje om natta eller i dårlig vêr. Og dei flyr berre heim til reirplassen, ikkje til ein eller annan stad som dua får ordre om å fly til, slik det gjerne vert sagt i eventyr og forteljingar.

Dei buene som er bygd og innreia som hus for duene, vert kalla dueslag.

Brevduer som kommunikasjonsmiddel[endre | endre wikiteksten]

Dua kan gjerast til postbod ved å binde til beinet på ho ei melding skrive på eit lite og lett papirark eller anna lett materiale, gjerne lagt i ein lett kapsel. Dette har vore gjort både i orienten i gamal tid, hjå grekarane og romarane i klassisk tid, og i Europa frå 1500-talet til langt fram på 1800-talet. Då byen Paris i Frankrike var kringsett i åra 1870-1871, vart brevduer mykje nytta til å utveksle meldingar mellom byen og omlandet. Både under den fyrste og den andre verdskrigen vart brevduer nytta i spionasjeverksemda og for å sende meldingar i andre høve.

Brevduesport[endre | endre wikiteksten]

Kappflyging mellom dresserte duer, såkalla brevduesport, har framleis mange tilhengjarar både i Noreg og ikkje minst i andre land, og det vert drive avl på duer til slik bruk. Norges Brevdueforbund, som vart skipa i 1912 og har nitten regionale grupper, arrangerer kappflygingar i sommarsesongen frå mai til september-oktober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]