Brienne-le-Château

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brienne
kommune
Slottet i Brienne
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Champagne-Ardenne
Distrikt Aube
Areal 21,56 km²
Folketal 3 024  (2011)
Kart
Brienne-le-Château
48°23′30″ N 4°31′32″ E
Wikimedia Commons: Brienne-le-Château

Brienne-le-Château er ein fransk kommune som ligg i departementet Aube i regionen Champagne-Ardenne.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Brienne-le-Château ligg sør i Champagne-provinsen, i Paris-bassenget 20 mil søraust for Paris, og innanfor naturparken forêt d'Orient, like nord for dei tre kunstige vatna der. Elva Aube markerer den søraustlege grensa til kommunen, som elles er prega av ein ås der slottet som har gjeve namn til kommunen, Château de Brienne, ligg. Namnet «Brienne» kan koma frå det keltiske briavenna som tyder 'pongtong' og kan visa til den gamle hamneverksemda i området (særleg i nabokommunen Brienne-la-Vieille).[1]

Med klokka frå sør grenser Brienne-le-Château til kommunane Brienne-la-Vieille, Mathaux, Blaincourt-sur-Aube, Vallentigny, Saint-Léger-sous-Brienne, Maizières-lès-Brienne, Juzanvigny og Crespy-le-Neuf.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området blei truleg folkesett av gallarar. Festningen deira blei øydelagd av normannarar i 951.[1] Frå 900-talet danna Brienne eit grevskap som gav namn til det framståande huset Brienne. Fram til slutten av 1700-talet åtte fem familiar etter kvarandre grevskapen: Brienne, d'Enghien, de Luxembourg, de Loménie og de Bauffremont.[1] Særleg Loménie-familien utvikla byen frå 1500- til 1700-talet.[1] Under den franske revolusjonen blei kommunen ei stund kalla «Brienne-le-Bourg».[2]

Minnesmerke til døde med ein fransk hane øvst.
Den gamle militærskulen i Brienne, no eit museum.

Frå 1779 til 1790 husa Brienne ein militærskule der Napoléon Bonaparte var elev i 5 år, frå 1779 til 1784, før han fullførte studia sine ved École militaire i Paris. 3. april 1805 overnatta Napoleon i Brienne-slottet undervegs til Italia for kronast til konge. 29. januar 1814 var byen åstad for eit slag mellom Napoleon og dei allierte i Den sjette koalisjonskrigen. Slaget ved Brienne enda med fransk siger, men byen blei teken og gjenteken av dei ulike styrkane, og til slutt øydelagd av brann. Frå 1849 til 1889 var byen kjend som Brienne-Napoléon.[2]

15. juni 1940 blei store delar av byen også øydelagde av brann.

Bygningar og monument[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Brienne med ein barnestatue av Napoléon Bonaparte.
Utsyn over byen.
  • Slottet i Brienne (Château de Brienne-le-Château) frå 1700-talet dominerer byen
  • Napoleon-museet (Musée Napoléon) ligg i den gamle militærskulen i Brienne.
  • Det gamle sjukehuset (Hôpital de la Charité )
  • Kyrkja Saint-Pierre-et-Saint-Paul
  • Minnesmerket til døde

Folk knytt til kommunen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Brienne-le-Château» frå Wikipedia på fransk, den 8. april 2014.
    • Wikipedia på fransk oppgav desse kjeldene: Corpus de la statuaire médiévale et Renaissance de Champagne méridionale, vol. VI, Canton de Brienne-le-Château, éd. Dominique Guéniot, 2012, 235 p.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Nettstaden til byen. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 Des villages de Cassini aux communes d'aujourd'hui. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.