Bror Yngve Rahm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bror Yngve Rahm
Fødd4. januar 1955 (69 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Bror Yngve Rahm (fødd 4. januar 1955) er ein norsk politikar frå Skien. Han var 1997–2005 stortingsrepresentant for Telemark og Kristeleg Folkeparti.

Rahm voks opp i Gjerpen, far hans var snikkar. Sjølv byrja han arbeide i postverket, deretter var han 1977-80 reisesekretær i Kristeleg Folkeparti. Sidan hadde han jobb som bilseljar heime i Telemark. Perioden 1984 til -95 var han dagleg leiar av Kontaktsenteret (seinare Skien diakonale senter), eit tilbod for unge rusmisbrukarar. I 1995 vart han vald inn i Telemark fylkesting der han fekk posisjonen som leiar av hovudutvalet for vidaregåande opplæring. To år seinare kom Rahm inn på stortinget som den fyrste representanten busett i Siljan. På Tinget var han medlem i Energi- og miljøkomitéen, perioden 2001–05 som komitéleiar. Ved stortingsvalet 2005 mista Rahm og Kristeleg Folkeparti sitt mandat i Telemark. Frå 2006 var Rahm tilsett i Norsk Industri i over ti år. Jamsides hadde han fleire offentlege verv, så som styreleiar i Statens naturskadefond, i Telemarkskanalen og i Artsdatabanken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]