Bruno Pontekorvo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bruno Maksimovitsj Pontekorvo (22. august 191324. september 1993) var ein italiensk-russisk fysikar.

Han vart utdanna i Italia og sidan i England. Han var tilknytt den anglo-kanadiske forskargruppa som arbeidde med utviklinga av kjernefysisk energi i Montreal frå 1943 til 1946, og var sidan ved det kanadiske forsyningsdepartmentet fram til 1949. Han hadde ei leiande forskarstilling ved atomforskingsinstituttet i Harwell i Storbritannia i 1949-1950. Han forlet i løyndom Storbritannia i 1950 og reiste til Sovjetunionen der han vart tilknytt Vitskapsakademiet i Moskva og instituttet for kjernefysikk i Dubna. Frå 1956 var han gruppeleiar ved instituttet der han har arbeidd med utvikling av akselratortypar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]