Dubna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dubna (fleirtyding).
Dubna
Дубна
Horisonten til Dubna
Horisonten til Dubna
Flagget til Dubna Byåpenet til Dubna
Flagget til Dubna Byvåpenet til Dubna


Plassering
Dubna is located in Russland
Dubna is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1956
1956
Borgarmeister Valeri Prokh
Geografi
Flatevidd
 - By

71,66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

62 232
  868,4 /km²
Koordinatar 56°45′00″N 37°09′00″EKoordinatar: 56°45′00″N 37°09′00″E
Høgd over havet 125 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141980–141986
Retningsnummer (tlf) (+7)49621
Nettstad: www.dubna.ru

Dubna (russisk Дубна́) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet mellom elvane Dubna og Volga, rundt 120 km nord for Moskva.

Byen har status som naukograd og er heimstad for eit internasjonalt kjernefysisk forskingssenter (JINR), ein av dei største vitskapelege stiftingane i Russland. Grunnstoffet Dubnium er kalla opp etter Dubna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

JINR-hovudkvarteret i Dubna
Ivankovo vasskraftverk
Leninstatuen i Dubna

Avgjersla om å bygge ein protonakselerator for kjernefysisk forsking vart teke av den sovjetiske regjeringa i 1946. Plasseringa ved dagens Dubna vart vald på grunn av avstanden til Moskva og nærleiken til Ivankovo vasskraftverk. Den vitskaplege leiaren for prosjektet var Igor Kurtsjatov. Den administrative leiaren av prosjektet, mellom anna bygginga av ein busetnad, ein veg og ein jernbane til Moskva var NKVD-sjefen Lavrentij Beria. Arbeidet vart for ein stor del gjennomført ved bruk av straffarbeid av Gulag-fangar. Etter tre år med intensivt arbeid vart akseleratoren sett i drift 13. desember 1949.

Busetnaden Dubna fekk offisielt bystatus i 1956, same år som forskingsinstituttet Joint Institute for Nuclear Research (JINR) vart formelt oppretta. Instituttet har utvikla seg til eit stort internasjonalt forskingslaboratorium, som hovudsakleg arbeider innan partikkelfysikk, framstilling av transurane element og radiobiologi. I 1960 vart byen Ivankovo på den andre (venstre) sida av Volga slått saman med Dubna.

Mange av framståande fysikarar på 1900-talet arbeidde ved instituttet, mellom anna Nikolaj Bogoljubov, Georgij Fljorov, Vladimir Veksler og Bruno Pontecorvo. Fleire elementærpartiklar og tunge grunnstoff (som ununoctium) vart oppdaga og utforska ved JINR. Til ære for dette er grunnstoff 105, dubnium, kalla opp etter byen. I 1964 var Dubna vertsby for den prestisjefylte Internasjonale konferanse om høgenergifysikk (ICHEP).

Økonomi og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i byen er nært knytt til forskingsanlegga. Viktige verksemder er ein utstyrs- og maskinfabrikk. Før Sovjetunionen braut saman var MKB Raduga, eit selskap som spesialiserer seg på utvikling og produksjon av missilsystem, ein av dei store arbeidsgjevarane i byen. Han eksisterer framleis, men er langt mindre viktig og byen har som følgje av dette hatt eit arbeidsløyseproblem. Fleire mindre industriverksemder har dukka opp og nærleiken til Moskva gjer at mange kan pendle til arbeidsplassar der. Det er lagt fram planer frå AFK Sistema og andre investorar, inkludert russiske styresmakter, om å bygge ein russisk «Silicon Valley» i Dubna.

Transport[endre | endre wikiteksten]

I byen ligg òg Ivankovo-reservoaret i Volga og kraftverksdammen er einaste brusamband mellom bydelane, som ligg på begge sider av Volga.

Kollektivtransport til Moskva skjer ved hjelp av ekspresstog, forstadsbaner og bussar.

Viktig for Dubna er òg skipstrafikken på Volga, Moskvakanalen og Ivankovo-reservoaret.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den største statuen av Vladimir Lenin i verda ligg ved samløpet mellom Volga og Moskva-kanalen i Dubna. Den 15 meter høge statuen vart bygt på 1930-talet. Den tilhøyrande og like store statuen av Josef Stalin vart rive i 1963, under avstaliniseringsperioden.

Kjende personar frå Dubna[endre | endre wikiteksten]

Utanom dei kjende fysikarane knytt til forskingsinstituttet i byen finn ein:

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]