Burot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burot


Status i Noreg: LC Livskraftig

Artemisia vulgaris - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-016.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Artemisia
Art: A. vulgaris
Vitskapleg namn
Artemisia vulgaris

Burot (Artemisia vulgaris) er ein plante i korgplantefamilien. Han finst over heile landet, men er sjeldan i Finnmark. Planten blomstrar frå juli/august. Han er og kjend under namn som gråbo, bugrasrot og gråbonde. Ifølgje Cappelen Damms flora er heile planten giftig for husdyr.

Blomsterstand

Planten har ei sterk lukt, stive, meterhøge stenglar, blad som er mørkegrøne på oversida og sølvgrå hårete på undersida. Dei bitte små blomstrane er samla i gråbrune korger. Pollineringa skjer ved hjelp av vinden. Planten dannar mykje pollen, som kan utløysa allergi.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Burot finst over store delar av verda. Planten har opphav i tempererte delar av Eurasia. Han ser ut til å ha vore blant dei første plantane som voks i Danmark etter siste istid. I Noreg har han anten halde til ved kysten og i urer, eller blitt innført. Han spreier seg no nordover og oppover i landet, og blir rekna som ugras.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Burot har vore brukt som legeplante sidan oldtida, mellom anna mot livmorsjukdommar og til å lindra menstruasjonssmerter. Dessutan har planten vore brukt mot lopper og lus.

Planten har lenge vore brukt i kinesisk matlaging, og blir nytta i riskaker i Kina, Korea og Japan. Burot blir ein sjeldan gong brukt i europeisk matlaging som ein bitter krydderurt, mellom anna som fyll til gåsesteik til jul.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burot