Bushel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bushel er eit målekar for tørre varer og svarar til eit norsk fjerdingskar. Det er ei britisk og amerikansk måleining for volum med symbol bu, som frå gammalt av var lik 8 gallons. I Storbritannia i dag vert ein imperial bushel rekna for å vere lik 36,37 liter. I USA, Canada og Britisk Vestindia nyttar ein Winchester bushel som er lik 35,24 liter.

Ved notering av kornpriser i Nord-Amerika reknar ein for kveite 1 bu = 60 pounds (lb) = 27,2 kg, for rug og mais = 56 lb, for bygg = 48 lb og for havre = 32 lb.

Namnet kjem frå gammalfransk boisseu, og ein fransk boisseau er lik 13 liter og ein belgisk = 15 liter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]