Havre
| Havre | ||
| Systematikk | ||
| Orden: | Poales | |
| Familie: | Poaceae Grasfamilien | |
| Slekt: | Avena Havre | |
| Art: | A. sativa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Avena sativa | ||
Havre (Avena sativa) er ei plante av grasfamilien med etande frø som blir bruka til mat for menneske og dyr. Havre har i Noreg tradisjonelt vore dyrka anten åleine eller saman med bygg — såkalla blandkorn.
Havre er det tredje mest dyrka kornslaget i Noreg, etter bygg og kveite i fylgje SSB.
Bruk [endre]
Mat [endre]
Havre blir til dels nytta som eit energirikt fôr til hestar og til dels i form av valsa flak til menneskeføde. Havre er særs næringsrik, og protein i havre blir vurdert til å ha ein høgare kvalitet enn dei fleste andre kornsortar på grunn av eit høgt innhald av lysin. Havre er særleg rik på tiamin (B1-vitamin), E-vitamin og K-vitamin og mineral som jarn, kalsium, magnesium, fosfor, sink, kopar og silisium. Havre har det høgaste feittinnhaldet av dei vanlege kornsortane. Derfor harsknar havre lett og blir ueteleg.
Havren har eit hard ytre celluloseskall som må fjernast før den blir nytta til matlaging.
Av havre blir det mellom anna framstilt:
- Havregryn (valsa havre)
- Havredrikk
- Havrekjeks
- Havreøl
Av havre tilverkast ulike drikkar mellom anna havremost og ulike typar av mjølk og fløyte som eignar seg for vegetarianarar og for laktoseintolerante.
Bioenergi [endre]
I samband med satsing på bioenergi har ein tatt å interessere seg for bruk av havre i varmeproduksjon. Ved ei effektiv forbrenning tilsvarar 2,5 kg havre 1 liter olje.