Buskvarslarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buskvarslarar


Gulkronegonolek, Laniarius barbarusFoto: Gabriel Buissart
Gulkronegonolek, Laniarius barbarus
Foto: Gabriel Buissart

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Malaconotidae
Slekter

Buskvarslarar er ei gruppe av ca. 50 små til mellomstore artar av sporvefuglar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika. Dei lever av insekt og andre små byttedyr.

Buskvarslarar har eit levevis som liknar det ein finn hos varslarar, Laniidae. Dei liknar òg varslarar i kroppsbygging, men fjørdraktene er typisk meir fargerike eller i stor grad svart. Nokre artar er lite iaugefallande. Somme artar kan ha prangande oppvisingar, hannen kan blåse opp fjørene på nedre rygg og overgump slik at han får ei rund kroppsform.

Dei var tidlegare klassifisert i familien Laniidae, i dag er det semje om at gruppa er ein distinkt biologisk familie Malaconotidae.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Buskvarslarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Slekt Nilaus

Slekt Dryoscopus

Slekt Tchagra

Slekt Laniarius

Slekt Rhodophoneus

Slekt Telophorus

Slekt Malaconotus





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]