Bytom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bytom
Hovudplassen
Hovudplassen
Flagget til Bytom Byvåpenet til Bytom
Flagget til Bytom Byvåpenet til Bytom


Plassering
Bytom is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Schlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
1100-talet
1254
Borgarmeister Piotr Koj
Geografi
Flatevidd
 - By

69,43 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

188 234
  2711/km²
Koordinatar 50°23′0″N 18°54′0″EKoordinatar: 50°23′0″N 18°54′0″E
Høgd over havet 249-330 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 41-900 til 41-936
Telefon-retningsnummer +48 32
Bilnummer SY
Nettstad: www.um.bytom.pl

Bytom (tysk Beuthen) er ein by sør i Polen med om lag 190 000 innbyggjarar. Sidan 1999 har han vore ein del av Schlesiske voivodskap og tidlegare i Katowice voivodskap (1975-1998). Bytom er ein av dei største byane i Øvre Schlesien storbyområde med nesten 3,5 millionar innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bytom er ein av dei eldste byane i Øvre Schlesien og vart kjend som Bitom i 1136 og Beuthen i 1450. Han fekk byrettar i 1254 og låg strategisk til ved eit vegkryss. I 1259 vart han plyndra av mongolar.

Bytom høyrte opphavleg til Kongedømet Polen og så setet for det slaviske hertugdømet Bytom frå 1281-1355. Han var styrt av Kongedømet Böhmen i 1289. Etter at tyske nybyggjarar kom til området vart han gradvis germanisert. Han kom under Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526, og byen vart i enno større grad påverka av det tyske språket. Byen vart ein del av Kongedømet Preussen i 1742 under dei schlesiske krigane og så ein del av Det tyske keisardømet i 1871. I 1945 vart han overført til Polen etter Potsdamerkonferansen. Delar av den tyske folkesetnaden hadde flykta og mange av dei attverande vart drivne bort av polske og sovjetiske styrkar, og erstatta av polakkar.

Bytom er ein typisk postindustriell by. Dei fleste kolgruvene som fanst rundt byen er i dag stengde, medan stålindustrien sakte forsvinn. Byen kjempar for å klare ei forvandling frå industribaserte til tenesteytande næringar. Bytom samarbeider med to byar med meir eller mindre same problema, Recklinghausen i Tyskland og Butte-Silver Bow i USA. Byen har stor arbeidsløyse, særleg i den fattigaste bydelen Bobrek.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bytom

Kjelder[endre | endre wikiteksten]