Cabo Higuer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cabo Higuer (baskisk Higer lurmuturra) er eit nes i Biscayabukta som stikk ut frå fjellkjeda Jaizkibel på grensa mellom Spania og Frankrike i kommunen Hondarribia (4 km frå sentrum). Her står eit fyr, ein camping og eit par gjestgjevari. Neset vert stundom rekna som den vestlegaste delen av Pyreneane.

Spor etter dei gamle romarane er funne på 17 meters djupne ved ein naturleg hamneplass ved sidan av borga San Telmo. Eit skipsvrak ligg på havbotn og er truleg frå romartida med minerallast og restar av tømmer og keramikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]