Cæsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Caesar)

Cæsar, nokre gonger stava Caesar, var tittelen til keisaren av Romarriket. Det var opphavleg eit eigennamn frå slekta til Gaius Julius Cæsar, men blei seinare også bruka som tittel av etterfølgjarane hans, ilag med ordet imperator. På tysk, russisk og dei skandinaviske språka er det variantar av caesar som er bruka som tittel for ein ekstra mektig konge (Kaiser, tsar, keisar), mens til dømes fransk og engelsk brukar variantar av imperator (empereur, emperor).

Etter at Julius Cæsar var drepen blei Augustus av Romarriket, som då heitte Gaius Octavius, adoptert gjennom testamentet til den gamle statsleiaren. Ifølge romersk skikk tok han namnet Gaius Iulius Cæsar Octavianus. Også Tiberius fekk namnet gjennom adopsjon, medan Claudius var av Iulius Caesar-slekta.

Galba tok makta i år 68 tok han òg tittelen cæsar, som nå var gått over frå å vera eit namn på keisaren til å vera ein tittel.

Ordet cæsar hadde opphavleg tydinga 'hårete', og må ha vist til ein mann av Iuliafamilien som anten hadde ein flott hårmanke eller tvert imot var temmeleg skalla.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]