Caffaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caffaro
Utspring Passo del Termine
Munning Idrosjøen ved Ponte Caffaro
- Høgd 368 moh
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 25 km

Caffaro er ei elv i nord i Italia i provinsen Brescia. Delar av elva renn langs grensa til provinsen Trento og ho munnar ut i Idrosjøen.

Ho har sitt utspring ved Cornone di Blumone, ein fjelltopp i Dei rätiske Alpane, nær Passo del Termine i kommunen Breno i regionsparken Parco regionale dell'Adamello. Elva renn så gjennom Val di Caffaro og inn i Bagolino-området. Ho renn inn i Chiese like før ho munnar ut i Idrosjøen ved Ponte Caffaro.

Dei største sideelvane til Caffaro er Riccomassimo, Rio Frèi, Dazare, Bruffione, Lajone, Sanguinera, Vaia, Dasdanè, Racigande, Berga og Leprazzo.

Elva er ei viktig kjelde for vasskraftproduksjon i området.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk