Idrosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Idrosjøen
Idrosjøen -
Idrosjøen is located in Italia
Stad Nord-Italia: Provinsen Brescia og provinsen Trento
Koordinatar 45°46′48″N 10°30′36″EKoordinatar: 45°46′48″N 10°30′36″E
Type innsjø Kratersjø
Tilsig Chiese, Caffaro, Re di Anfo
Utsig Chiese
Tilsigsområde 617 km²
Tilknytte land Italia
Største lengde 11 km
Største breidde 1,9 km
Overflateareal 11,4 km²
Største djupne 122 m
Kystlengd1 24 km
Høgd over havet 368 moh
Busetnadar Bondone, Idro, Anfo, Bagolino
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Idrosjøen (italiensk Lago d'Idro, òg Eridio frå latin Eridius lacus) er ein innsjø som ligg i provinsen Brescia (Lombardia) og i provinsen Trento (Trentino-Alto Adige).

Med ei høgd på 368 meter over havet er han den høgastliggande innsjøen i Lombardi før Alpane. Innsjøen får hovudsakleg vatn frå elva Chiese, som òg er det einaste utsiget. Idrosjøen dekkjer eit areal på 11,4 km² og er 122 meter på det djupaste.

Rundt innsjøen ligg det skogkledde fjell. Han har ei kystlinje på 24 km, som vert delt mellom fire kommunar: Idro, som har gjeve namn til innsjøen, Anfo, Bagolino og Bondone.

Idrosjøen har alvorlege problem med eutrofiering som følgje av dårlege kloakksystem kring innsjøen og bruken av elvane inn i innsjøen for kunstig vatning. I tillegg vert elvane nytta til produksjon av vasskraft. Innsjøen har derfor vorte ein konflikt mellom miljømessige, jordbruket og straumindustrien sine omsyn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Idro frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: