Provinsen Brescia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nasjon | |
| Region | Lombardia |
| Hovudstad | Brescia |
| Areal | 4 784 km² |
| Folketal (2001) | 1 109 841 |
| Folketettleik | 232/km² |
| Kommunar | 206 |
| Bilnummer | BS |
| Postnummer | 0 |
| Retningsnummer (tlf) | 030, 0364, 0365, 035 |
| President | Alberto Cavalli |
| Plasseringa til Brescia i Italia | |
Provinsen Brescia (italiensk Provincia di Brescia) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Brescia. Han har eit areal på 4 784 km² og totalt 1 109 841 innbyggjarar (2001). Det er 206 kommunar i provinsen.
Han grensar til provinsen Sondrio i nord og nordvest, provinsen Bergamo i vest, provinsen Cremona i sørvest og sør, provinsen Mantova i sør og i aust til provinsen Verona (i Veneto) og provinsen Trento (i Trentino-Alto Adige).
Brescia utgjer den sørvestlege breidda av Gardasjøen. Viktige byar i provinsen er Desenzano del Garda, Palazzolo sull'Oglio, Montichiari, Ghedi, Manerbio, Carpenedolo, Orzinuovi, Chiari, Brescia, Rovato, Salò, Iseo, Gardone Val Trompia og Lumezzane.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Brescia frå Engelsk Wikipedia .