Carl Andreas Fougstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Andreas Fougstad

Fødd2. mars 1806
Død3. juli 1871 (65 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkejurist, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1848–1850)
  • ordførar i Oslo (1843–1845)
  • vararepresentant til Stortinget (1851–1853)
  • vararepresentant til Stortinget (1854–1856)
  • vararepresentant til Stortinget (1857–1858)
  • vararepresentant til Stortinget (1859–1861) Sjå dette på Wikidata

Carl Andreas Fougstad (2. mars 18063. juli 1871) var ein norsk politikar og embetsmann.

Fougstad var fødd og oppvaksen i Alverstraumen på Lindåshalvøya i Hordaland, der far hans var lensmann. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1823 og i 1831 tok han juridisk embetseksamen. I 1828 var han eit halvt år formann for Det Norske Studentersamfund.

Frå 1832 var han tilsett i Finansdepartementet. Han var fullmektig frå 1835, byråsjef frå 1838 og frå 1840 som ekspedisjonssjef for avdelinga for det indre. 1838 til 1845 var han elles medredaktør av Departements-Tidende.

I 1830-åra var Fougstad ein sentral person i intelligenskrinsen, med mellom andre Anton Martin Schweigaard, Frederik Stang og Johan Sebastian Welhaven. Intelligenskrinsen var ei gruppe unge akademikarar med eit eliteprega syn på samfunn og politikk. Fougstad var medredaktør av tidsskriftet Vidar og av avisa Den Constitutionelle 1836-37. Ved sidan av Stang var han den i krinsen som skreiv mest om konstitusjonelle spørsmål. Saman med Stang gav han i 1835-36 ut Repertorium for Oplysninger og Undersøgelser vedkommende viktige Gjenstande for ottende ordentlige Storthings Virksomhed. Her vart krav framsett om statsrådars tilgang til Stortinget.

Fougstad gav ut skrifta Det norske Storthing i 1833 og Det norske Storthing i 1836. Han hadde eit positivt syn på at bøndene deltok i politikken, det ville framkalle «»denne Følelse av Værd og Selvstændighed, som kun tilhøre Borgere i en fri Stat». Derfor såg han ei hovudoppgåve for dei utdanna å oppdrage bøndene til å identifisere seg med det politiske systemet. Eit reint embetsstyre i den forstand at embetsmenn var dominerande i Stortinget var han motstandar av. Dei folkevalde burde stå friare i høve kongemakta enn det embetsmennene gjorde. Fougstad politiske syn var mindre elitistisk enn det som var gjengs i intelligenskrinsen.

Frå 1845 til 1850 arbeidde Fougstad som politimeister i Christiania, og frå 1850 til 1868 var han borgarmeister. Borgarmeister var ein statleg embetsmann som var medlem av magistraten, kollegiet som leia administrasjonen i byen. Han hadde ei sentral rolle i opprettinga av eit yrkesbrannkorps i byen frå 1861, med storbrannen i 1858 som bakgrunn.

Fougstad hadde også verv som folkevald. Frå 1842 til 1850 var han medlem av formannskapet i Christiania, 1843 til 1845 var han ordførar. 1847 vart han vald til stortingsmann frå Christiania og Lillehammer krins og møtte på Stortinget i 1848. På Stortinget var han den einaste av intelligenskrinsen som stemte imot å oppheve forbodet mot jødars tilgang til riket, då han meinte at ein måtte ta omsyn til det han oppfatta var ein svært sterk folkeopinion mot å tillate jødar å innvandre.

I 1855 vart Fougstad utnemnd til riddar av St. Olavs orden «for fortjenstfuld Embedsførsel». Han var også innehavar av 2. klasse av den russiske 'Sankta Annas orden' og var kommandør av den svenske Nordstjerneordenen.

Fougstads gate på Ila i Oslo er frå 1901 oppkalla etter Carl Andreas Fougstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk biografisk leksikon, 2. utgåve
  • Øystein Sørensen: Kampen om Norges sjel. Norges idéhistorie, bind III. Oslo, Aschehoug, 2001.