Charles-Marie Widor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles-Marie Widor

Fødd21. februar 1844
FødestadLyon
Død12. mars 1937 (93 år)
DødsstadParis
FødenamnCharles-Marie Jean Albert Widor
AliasAulétès
OpphavFrankrike
Sjangeropera, symfoni
Instrumentorgel
Verka somklassisk komponist, organist, arrangør, musikkpedagog, musikkritikar, universitetslærar, lærar
Gift medMathilde de Montesquiou-Fézensac
PrisarRidder av Æreslegionen

Charles-Marie Jean Albert Widor (21. februar 184412. mars 1937) var ein fransk organist og komponist. Han er mest kjend for toccataen frå Symfoni for orgel nr 5, som ofte vert spelt i bryllaupsseremoniar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Widor vart fødd i Lyon, og studerte musikk under faren sin, som òg var organist. Han fekk den første større jobben sin som organist i kyrkja Saint-Sulpice i Paris i 1870. I 1890 tok han over etter César Franck som orgelprofessor ved Pariskonservatoriet, der han seinare òg vart komposisjonsprofessor.

Fleire av studentane hans vart òg kjende, mellom andre Darius Mailhaud, Louis Vierane og Marcel Dupré. Widor skreiv musikk for ei lang rekkje instrument og ensemble, men verka hans for orgel blir oftast spelte. Komposisjonane hans inneheld mellom andre 10 orgelsymfoniar, ei messe for to orgel og to kor, symfoniar for orgel og orkester, nokre operaer med meir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charles-Marie Widor