Marcel Dupré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marcel Dupré

Marcel Dupré (3. mai 188630. mai 1971) var ein fransk organist og komponist.

Dupré vart fødd i Rouen. Faren Albert Dupré var organist, og sonen viste tidleg store musikalske evner. I 1904 byrja Dupré på Paris-konservatoriet, der han lærte hjå Alexandre Guilmant, Louis Vierne og Charles-Marie Widor. Dupré vann Roma-prisen (Grand Prix de Rome) i 1914 for kantata Psyché. I 1926 vart han professor i orgelspel på Paris-konservatoriet, og i 1934 tok han over jobben som hovudorganist i St. Sulpice etter Widor.

Dupré var den fyrste til å spela alle Johann Sebastian Bach sine orgelverk for ålmenta. Han var vidkjend som improvisator, og hadde stor lukke med turnéar i Europa og USA. Av Dupré sine elevar kan nemnast Jehan Alain, Virgil Fox, Jean Langlais, Olivier Messiaen, Michael Murray og Michael Schneider.