Charles Wilkes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Wilkes

Charles Wilkes (fødd 3. april 1798 i New York, død 8. februar 1877 i Washington, D.C.) var ein amerikansk sjøoffiser og oppdagar.

Wilkes vart i 1830 sjef for kart- og instrumentsamlinga i Washington, D.C., som han vidareutvikla til eit astronomisk institutt. I 1838 la han ut på ein ekspedisjon for å undersøkja Stillehavet og Sørishavet, og dessutan nordvestkysten av USA. Han kartla Samoa, undersøkte Fiji og segla 70 lengdegrader langs det antarktiske kontinentet, der han oppdaga det som seinare vart namngjeve Wilkes Land.

Etter heimkomsten i 1842 utarbeidde han skildringa A Narrative of the United States Exploring Expedition (seks bind, 1845; nytt opplag i fem bind, 1850). Han vart kaptein 1845 og tok til fange to av kommissærane til Sørstatane i 1861 til sjøs ved Bahamas, som akta å ta seg til Europa med eit britisk postskip. Han mottok takk frå Kongressen i USA for dette, trass i begge fanga vart frigjeve etter krav frå Storbritannia. Under den amerikanske borgarkrigen vart han forfremma til flaggkommandør (1862) og inntok blant anna City Point ved James River 28. august 1862. Han vart utnemnt til kontreamiral i 1866, same år som han tok avskjed.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Small Sketch of Owl.pngDenne artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Nordisk familjebok, Wilkes, Charles, 1913.