Charlotte Damm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlotte Damm
Fødd19. februar 1960
Lyngby
NasjonalitetDanmark
Yrkearkeolog
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materAarhus Universitet
University of Cambridge

Charlotte Brysting Damm (fødd 19. februar 1960) er ein dansk arkeolog som er professor ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.[1]

Damm er frå Ikast i Danmark. Ho tok hovudfag i arkeologi ved Universitetet i Århus i 1985. I 1991 vart ho ph.d ved University of Cambridge.[1] Ho var i 1990-91 arkeolog i Finnmark fylkeskommune, og frå 1991 til 1993 var ho leiar for Tromsø Museum sine arkeologiske undersøkingar ved Slettnes på Sørøya. Frå 1995 har ho vore tilsett ved Universitetet i Tromsø, frå 2002 som professor ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi. Damm har òg vore professor ved National University of Ireland i Galway i perioden 2011–13.[1]

Ho har drive med ulikt arkeologisk feltarbeid i dei nordiske landa, Grønland, England, New Zealand og Botswana. Damm har retta forskinga si først og fremst mot steinalderen, med spesiell vinkling på jegar-og sankarkulturane i Nord-Skandinavia.

Damm er redaktør for Norwegian Archaeological Review.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Damm, Charlotte», Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
  2. «Editorial board». Norwegian Archaeological Review. Henta 9. februar 2019.