Chartres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chartres
Chartres 1987.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Eure-et-Loir
Geografi
Flatevidd
 - By

16,85 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

40 361
  2 395/km²
Koordinatar 48°27′″N 01°29′″EKoordinatar: 48°27′″N 01°29′″E
Høgd over havet 142 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 28000
Heimeside: www.ville-chartres.fr

Chartres er by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonssenter) i departementet Eure-et-Loir i regionen Centre, og har om lag 40 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Chartres er bygd ved den venstre breidda til elva Eure på ein liten ås med den vidkjende domkyrkja. Spiret på kyrkja er eit landemerke for dei omliggande områda. I søraust strekk den frodige sletta seg i Beauce, «matlageret i Frankrike», der byen er det kommersielt senteret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Chartres var ein av dei viktigaste byane i Carnutes, og vart av romarane kalla Autricum av elva Autura (Eure), og seinare civitas Carnutum. Han vart brend ned av normannarar i 858, og omleira av dei i 911 utan hell.

Domkyrkja i Chartres, Notre-Dame de Chartres.

I mellomalderen vart byen den viktigsate i Beauce, og gav namnet til eit grevskap, som vart halde av grevane av Blois og Champagne, og så av huset Chatillon. Eit medlem av dette huset selde byen i 1286 til krona. Frans I gjorde byen til hertugdøme i 1528. Etter regjeringstida til Louis XIV gjekk tittelen hertug av Chartres i arv hos familien av Orleans.

I 1417 vart byen erobra av England, men kom tilbake til Frankrike igjen i 1432. Under Hugenottkrigen vart byen i 1568 fleire gonger åttaka av protestantar utan at dei klarte å ta han. I 1591 vart byen tatt av Henry IV, som vart krona her tre år seinare.

I den fransk-prøyssiske krigen vart byen omleira av tyskarane den 2. oktober 1870, og var under resten av krigen eit viktig operasjonssenter.

Byen vart hardt råka av bomber under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chartres