Chemnitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chemnitz
Chemnits mellom 1890 og 1905
Chemnits mellom 1890 og 1905
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Chemnitz
Chemnitz is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Chemnitz
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

220,85 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

243 733
  1 104/km²
Koordinatar 50°50′0″N 12°55′0″EKoordinatar: 50°50′0″N 12°55′0″E
Høgd over havet 267-523 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 09001-09247
Telefon-retningsnummer 0371
Bilnummer C
Heimeside: www.chemnitz.de

Chemnitz (sorbisk Kamjenica, tsjekkisk Saská Kamenice) er ein by i Tyskland i delstaten Sachsen med om lag 245 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten av Erzgebirge, og er kalla opp etter elva Chemnitz, ei lita sideelv til Zwickauer Mulde. Ordet Chemnitz kjem frå sorbisk og tyder «steinete elv»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byste av Karl Marx

Ein tidleg slavisk busetnad nær Chemnitz var kalla Kamienica. I 1143 var det eit benediktinarkloster der byen er i dag. Ein busetnad voks fram rundt klosteret og rundt 1170 vart byen gjort til fri keisarby av Fredrik I av Det tysk-romerske riket. I 1307 kom byen inn under markgrevskapet Meissen (som var ein føregjengar til staten Sachsen). I mellomalderen vart Chemnitz eit senter for tekstilproduksjon og handel. Meir enn ein tredjedel av folkesetnaden arbeida i tekstilindustrien, og slik var det fram til den industrielle revolusjonen. Fabrikkar vart bygd og tidleg på 1800-talet hadde Chemnitz vorte eit industrisenter (stundom kalla «Sachsen sitt svar på Manchester»). I 1913 hadde Chemnitz eit folketal på 320 000 innbyggjarar, og er ein av få byar som var større på den tida enn i dag. 1938 hadde Chemnitz 360000 innbyggjarar.

Under den andre verdskrigen låg det ein underleir av Flossenburg konsentrasjonsleir her. Dei 500 kvinnelege fangane var slavearbeidarar for Astra-Werke AG.[1] Under krigen produserte fabrikkane i Chemnitz hovudsakleg varer for militæret, og vart av den grunn kraftig bombardert og nesten heilt jamna med jorda.

Den austtyske regjeringa valde å gjere Chemnitz til ein sosialistisk mønsterby. Bydelar fulle med betongbygningar vart reist rundt sentrum av byen, og få av bygningane før krigen vart gjenreist. I 1953 vart Chemnitz gjeve namnet Karl-Marx-StadtKarl Marx By»). Han fekk tilbake det gamle namnet sitt 21. juni 1990.

Chemnitz har visstnok den lågaste fødselsraten i verda.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chemnitz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]