Chiers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chiers
Utspring Sørleg delar av Luxembourg
- Høgd ca. 350 m
Munning Maas
Land i nedslagsfelt Frankrike, Belgia, Luxembourg
Lengd 112 km
Nedslagsfelt 2 222 km²

Chiers (på fransk, luxembourgsk: Kuer, tysk: Korn) er ei elv som renn gjennom Luxembourg, Belgia og Frankrike. Ho er ei av sideelvene til elva Maas frå høgre, med ei totallengd på 112 km.

Ho har sitt utspring nær Differdange i Luxembourg. Chiers renn hovudsakleg vestover, og kryssar grensa til Frankrike, og renn så gjennom Longwy og Longuyon (Meurthe-et-Moselle département). Ho dannar her grense med Belgia eit par kilometer nær Torgny. Ho held fram gjennom Frankrike, langs Montmédy (Meuse département) og Carignan (Ardennes département). Til slutt munnar Chiers ut i elva Maas (Meuse) i Bazeilles, nær Sedan.