Christian Lous Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nobelprisen

Nobels fredspris
1921

Christian Lous Lange.

Christian Lous Lange (17. september 186911. desember 1938) var ein norsk fredspolitikar.

Lange blei cand.mag. i 1893. I dei påfølgjande åra var han dels på lengre studiereiser for å lære seg språk, dels jobba han som lærar i Oslo. Mellom 1900 og 1910 var han sekretær ved Nobelinstituttet og Nobelkomiteen i Oslo og bibliotekaren og forretningsføraren til stiftinga.

Frå 1909 var han generalsekretær ved Den interparlamentariske unionen, fyrst i Bern, deretter i Brussel og til slutt i Genève. Dette embetet heldt han heilt til 1933, og det var au dette embetet som gjorde at han blei tildelt Nobels fredspris i 1921. Han er spesiell som mottakar av Nobels Fredspris av di at heile virket hans i mange år dreide seg nettopp om fred, og vilkår for fredelege løysingar. Lange var attpåtil den fyrste nordmannen som blei tildelt fredsprisen.

I 1919 blei han kreert til dr.philos. ved Universitetet i Oslo på grunnlag av verket Histoire de l'internationalisme.

Han var far til utanriksminister Halvard Lange og stortingsrepresentant Carl Viggo Manthey Lange; og etterkommar av Christian Christoph Andreas Lange, riksarkivar og av betydning for tilgang til norsk mellomalderlitteratur.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lærebok i verdenshistorie fra oldtidens slutning til vore dage (med H. Schjøth)
  • Histoire de l'internationalisme (1919) (Fyrste del av et stort anlagt verk)
  • Lærebok i verdenshistorie (1931) (med N. Østbye)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]