Christian Slater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Slater i 2004.

Christian Slater (fødd Christian Michael Leonard Hawkins18. august 1969) er ein amerikansk skodespelar fødd i New York.

Tidleg i karrieren spelte Slater i såpeserien Ryan's HopeABC før han debuterte på Broadway i 1980 som Winthrop Paroo i The Music Man saman med Dick Van Dyke. På Brodway spelte han også i Copperfield, Merlin, Macbeth, Side Man og The Glass Menagerie. Slater opptredde også ved West End i London i One Flew Over the Cuckoo's Nest og Swimming With Sharks.

I 1985 hadde Slater si første filmrolle i The Legend of Billie Jean som Binx, bror til Billie Jean. Han hadde si første viktige rolle i Rosens navn, der han spelte novise i eit benediktinarkloster saman med Sean Connery. Han fekk også mykje merksemd for rolla si som J.D. i Heathers frå 1989, der han spelte saman med Winona Ryder. På 1990-talet spelte Slater i fleire kassasukksessar som Robin Hood: Prince of Thieves saman med Kevin Costner, Morgan Freeman og Alan Rickman. Sidan 2000 har han arbeidd både med film og fjernsyn, som i seriane The West Wing og Alias.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christian Slater

Kjelder[endre | endre wikiteksten]