Christina Vukicevic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vukicevic etter sigeren på Bislett Games i 2011.

Ljubica Christina Vukicevic (fødd 18. juni 1987 i Lørenskog) er ein norsk friidrettsutøvar. Christina Vukicevic tevlar for Ski Idrettslag og spesialiserer seg i 100 meter hekk.

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Ho har serbisk far, men er oppvaksen i Drøbak og Bærum. Far hennar, Petar Vukicevic, er fem gonger jugoslavisk meister på 110 meter hekk og deltok i sommar-OL 1980 og er også trenar for Christina. Bror hennar, Vladimir Vukicevic, er også hekkeløpar. Christina Vukicevic var lenge sambuar med spydkastaren Andreas Thorkildsen, men dei gjorde det slutt i 2011. [1] Ho er no kjæraste med fotballspelaren Vadim Demidov.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Ho har teke gull på denne distansen under alle NM i friidrett frå 2004 til 2010. I tillegg har ho bak seg eit gull frå ungdoms-OL i Paris 2003, sølv frå junior-EM i Kaunas i 2005, sølv frå junior-VM i Beijing 2006 samt to medaljar frå U23-EM, sølv i Debrecen 2007 og gull i Kaunas 2009. Alle desse medaljane er tekne på 100 meter hekk.

Vukicevic deltok under sommar-OL 2008 i Beijing og skulle delta på nytt under sommar-OL 2012 i London. [2] Men på grunn av ein skadeprega sesong valde Vukicevic å trekkja seg frå OL den 30. juli. [3]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]