Clément Janequin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clément Janequin
Fødd ca. 1485, Châtellerault i Frankrike
Død 1558, Paris i Frankrike
Sjanger Renessansemusikk, vokalmusikk

Clément Janequin (14851558) var ein fransk komponist frå renessansen. I lag med Claudin de Sermisy forma han ut parisar-chansonen som genre, og songane hans fekk stor utbreiing i samtida, ikkje minst på grunn av prentekunsta. Han var tidleg ute med lydmåling og program-musikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Janquin var fødd 1485 i Châtellerault, nær Poitiers vest i Frankrike. Janequin var aldri tilsett fast ved eit sentralt fyrstehoff, og dette skil han monaleg frå andre komponistar i tida. Han hadde ei rad mindre stillingar over stuttare tid, men vart stødd av høgtståande folk. Han var klerk i Bourdeaux kring 1505, og arbeidde under biskopen i byen fram til 1523. Stillinga hans var ikkje god, og han klaga ofte over låg løn. Frå 1530 var han i Anjou, og fekk i røynda ikkje skikk på stillinga før i 1548, då han vart tilsett i Paris. Her levde han godt dei siste ti åra av livet, og vart vidkjend.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Musikken til Janequin vart tidleg spreidd, og vart snart verdsett i vide krinsar. Mykje av verket hans er sekulært, og handlar om kvardagslege emne. Han skreiv lite kyrkjemusikk, berre to messer og ein motett, medan 250 verdslege songar lever etter han. Mange av desse vart prenta av Pierre Attaignant. Janequin er mest kjend for lange programmatiske stykke, som kan vara opp til 8 minutt. Han let songarane herme fuglesong eller kvendesludring. Det mest kjende stykket i denne stilen, La battaille (slaget), er ei skildring av slaget ved Marignano i 1515, då franske troppar vann over sveitsiske leigeherar nord i Italia. Stykket er eit av dei mest nytta Janequin-verka i dag.

Seint i livet tonesette han ein rad med dikt i protestantisk tradisjon. Dette peikar mot at han kan ha vore påverka av Jean Calvin. Han laga ei rad med salmetonar til tekstar av Clément Marot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]