Châtellerault

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Châtellerault
Vuesud1.jpg
Byvåpenet til Châtellerault
Byvåpenet til Châtellerault
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Poitou-Charentes
Vienne
Geografi
Flatevidd
 - By

51,96 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
   - folketettleik

31 902
  658/km²
Koordinatar 46°49′04″N 00°32′46″EKoordinatar: 46°49′04″N 00°32′46″E
Høgd over havet 60 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-chatellerault.fr

Châtellerault er ein by og kommune i Frankrike med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg i departementet Vienne, der han er sous-préfecture, i regionen Poitou-Charentes, og nord for Poitou i Touraine.

Elva Clain renn i hop med Vienne nær Châtellerault i Cenon-sur-Vienne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Châtellerault var ein viktig tilfluktsad i dei nordlege myrene i Poitou, og vart grunnlagd av Greven av Poitiers for å sikre grensene sine tidleg på 900-talet. Greven sin lokale representant, Vicomte de Châtellerault, vart oppretta som ein stilling som gjekk i arv rundt tida til Airaud, som sannsynlegvis var i slekt med grevane av Auvergne og hertugane av Aquitane. Arvingane hans var vicomtar fram til midten av 1000-talet.

Dotter av Aymeric I, Ænor av Châtellerault (om lag 1103 - om lag 1130), som budde i tårnet hans, «dangereuse de Châtellerault», gifta seg med son hans Vilhelm X av Aquitaine, og var mor til Eleanora av Aquitaine.

Tittelen Vicomte de Châtellerault gjekk vidare i tur til tre store franske adelsfamiliar: La Rochefoucauld, Lusignan og frå 1200-talet og fram til den franske revolusjonen til familien Harcourt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Châtellerault