Claas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Claas Lexion 570

Claas KGaA mbH er ein tysk landbruksmaskinprodusent, med hovudkontor i den tyske byen Harsewinkel i Nordrhein-Westfalen.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Claas haustar og traktor

Firmaet vart grunnlagt i 1913 av August Claas i Clarholz i Westfalen, og sel i dag produkta sine i om lag 140 land. Claas er fyrst og fremst kjent som produsent av innhaustingsmaskinar: skurtreskjarar, høypresser, slåmaskinar, høyvendarar og sjølvgåande forhaustarar.

Claas er den største produsenten av sjølvgåande forhaustarar i verda og europeisk marknadsleiar innan skurtreskjarar. I 2003 tok Claas over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture, og verksemda produserer i dag eit stort utval av landbrukstraktorar.

I 2005 hadde Class 8134 tilsette og ei omsetjing på 2175,3 millionar euro, med ei forteneste (før skatt) på 86,4 millionar euro.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Claas rundballpresse
  • 1913: Claas vart grunnlagt av August Claas i Clarholz i Westfalen.
  • 1914: August, Bernhard og Franz Claas grunnla firmaet «Gebr. Claas».
  • 1930: Det vart sett i gang utvikling av den fyrste skurtreskjaren tilpassa europeiske tilhøve.
  • 1936: Claas starta produksjon av den fyrste skurtreskjaren.
  • 1937: Serieproduksjon av slepetreskjarar.
  • 1953: Konstruksjon av den fyrste sjølvgåande skurtreskjaren.
  • 1973: Claas synte fram den fyrste sjølvkøyrande forhaustaren.
  • 1995: Introduksjon av stortreskjaren «Lexion», som med ein kapasitet på 40 tonn per time var verda største skurtreskjar.
  • 2002: Største omsetjing i firmaet si historie.
  • 2003: Skurtreskjar nr 400 000 forlét samlebandet den 11. februar.
  • 2003: Claas tok over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture (som var ein del av firmaet Renault).
  • 2006: Claas lanserte Lexion 600, og hadde dermed på nytt verdas største skurtreskjar på programmet.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Traktorar[endre | endre wikiteksten]

Claas Celtis 436 RX.

Skurtreskjarar[endre | endre wikiteksten]

Haustarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Claas

Kjelde[endre | endre wikiteksten]