Skurtreskjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skurtreskar: BM Volvo 900.

Ein skurtreskar er ei maskin som slår, tresker og reinskar korn. Tidlege skurtreskarar vart dregne av hestar, og seinare traktorar (slepetreskarar), men i dag er skurtreskarar utstyrte med eigen motor og er sjølvgåande.

Reiskapen kan skrivast skurtreskjar, skurdtreskjar, skurtreskar eller skurdtreskar.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2 Skjematisk teikning av skurtreskar
Forklaring
1 Haspel 11 Oversoll
2 Knivstong 12 Undersoll
3 Skjerebordskrue 13 Returskruv
4 Loelevator 14 Returelevator
5 Steinkasse 15 Kornskruv
6 Slagar 16 Korntank
7 Slagbru 17 Halmkuttar
8 Halmristarar 18 Førarhus
9 Kornplate 19 Motor
10 Vifte

Skjematisk teikning av skurtreskar.

Skjerebordet[endre | endre wikiteksten]

Skurtreskar: Claas Lexion 570
Skjerebordet, med haspel, knivstong og skjerebordskruv (Claas).

Ein skurtreskar er utstyrt med eit skjerebord i fronten, som skjer av kornaksa og fører dei inn i treskeverket. Aksa vert skorne av med ei knivstong (2) som går over heile breidda på skjerebordet. Knivstonga er i grove trekk av same slag som på slåmaskiner, men i staden for glatte knivar vert det som oftast nytta rifla knivar. Knivstonga går att og fram med om lag 500 dobbeltslag per min.

Over knivstonga ligg det ein roterande haspel («kornhaspelen») (1), utstyrt med lister som tek tak i aksa og legg dei i same retning inn på skjerebordet. Forutan posisjonen til haspelen er rotasjonsfarten, i høve til køyrefarten, med på å avgjera om stråa vert mata inn med aksenden eller rotenden fyrst. I ståande åker er høgda på haspelen stilt slik at listene tek tak i stråa under aksa og periferifarten til haspelen er så stor at loa (dei avskorne stråa) vert lagd med aksenden fyrst innover.

I kraftig legde (liggande åker) er det ofte naudsynt å stilla haspelen framom og lågare enn knivstonga for å få tak i stråa, noko som fører til at loa verta mata inn med rotenden fyrst. Periferifarten til haspelen må òg vera mindre enn køyrefarten når stråa skal matast inn med rotenden fyrst.

På dei fleste skurtreskarane er skjerebordet mykje breiare enn treskeverket, så det er naudsynt å føra loa saman til same breidd som loelevatoren, som fører loa inn i treskeverket. Denne samlinga vert utført av skjerebordskruven (3), som på europeiske skurtreskarar er plassert i ein avstand på litt under ein meter frå knivstonga. I Nord-Amerika er akslengda ofte kortare enn i Europa, og nordamerikanske maskiner har ofte mindre avstand mellom knivstonga og skjerebordskruven.

For at skjerebordet skal halda rett høgd er det fjørande opphengt, slik at berre ein liten del av vekta (under 500 N) kviler på åkeren. Krafta som kviler på åkeren, vert teken opp av skjener plasserte under skjerebordet. Nokre moderne skurtreskarar er utstyrte med meir avansert høgderegulering som held skjerebordet beint over åkeren òg når maskina står skrått fordi drivhjula går over ujamnheiter i åkeren.

Treskeapparatet[endre | endre wikiteksten]

Slagaren i ein Volvo BM S800.
Slagbrua i ein Volvo BM S800.

Frå loelevatoren vert loa ført over ein «steinkasse» (5), før ho vert ført inn i treskeapparatet, som på dei fleste skurtreskararane består av ein sylinderforma trommel, kalla «slagar» (6), eller «slagsylinder» med 6 til 8 rifla slagstål. Slagaren er plassert i stutt avstand frå «slagbrua» (7), slik at kjernane vert slegne og gnidde laus frå aksa når loa passerer mellom slagaren og slagbrua. Slagståla på slagaren har skråstilte rifler, med annakvart slagstål rifla mot høgre og venstre, slik at loa ikkje vert tvinga til eine sida, Fig. 5. Slagbrua, Fig. 6, har tverrgåande slaglister og bua har stålstenger parallelt med rotasjonsretninga til slagaren. Diameteren til slagaren varierer frå 45 cm til ca. 60 cm, men det finst døme på slagarar med opp til 80 cm diameter.

Periferifarten til slagaren er avhengig av kornslag, modningsgrad, fuktigheit, osv. For kornslag som bygg, kveite og rug bør periferifarten vera rundt 28 til 30 m/s, og for havre på 18–22 m/s [1]. Ved tresking av engfrø høver det med ein periferifart på 18–20 m/s og for erter rundt 15 m/s. Ein slagar med liten diameter får difor større rotasjonsfart enn ein slagar med stor diameter. Stor slagardiameter gjer slagbrua lengre, noko som er ein føremon når loa er fuktig. Men ei lang bru kan òg føra til meir knusing av halmen, slik at belastninga på det etterfylgjande reinskeverket aukar. Når diameteren på slagaren aukar, aukar òg treigheitsmomentet, og slagaren får jamnare gang ved ujamn innmating.

Avstanden mellom slagaren og slagbrua er om lag to til tre gonger så stor i framkant som i bakkant og kan stillast inn frå førarplassen. Optimal avstand er avhengig av kornslag, modningsgrad, fuktigheit, osv. Avstanden bør ikkje vera mindre enn diameteren på kjernane; så for bygg, havre og rug bør avstanden i bakkant av brua ikkje vera mindre enn 4 til 5 mm[1]. Ved for dårleg uttresking bør ein starta med å redusere avstanden mellom slagar og slagbrua og berre auka turtalet på slagaren om dette ikkje er nok[1]. Det er viktig at slagbrua ikkje er tetta til med jord eller andre framandlekamar, ettersom dette fører til auka kjernetap ved at meir kjernar vert kasta ut på halmristarane.

Oppgåva til steinkassa er å samla opp stein som fylgjer med loa, slik at treskeapparatet ikkje vert skadd. Steinen dett ikkje alltid ned i steinkassa av seg sjølv, men når han treffer slagaren, vert han oftast slegen gjennom loa og ned i steinkassa. Når føraren høyrer at stein vert slegen ned i steinkassa, er det viktig at han stoggar og tømmer ut steinen med ein gong, slik at det vert plass til eventuelle nye steinar. Føraren bør òg syta for at det ikkje ligg jord i steinkassa, noko det ofte vert slurva med. Stein som kjem inn mellom slagar og slagbru, kan gjera stor skade. For at slagaren skal vera i balanse, bør slagståla bytast ut parvis, og slagaren bør helst avbalanserast på nytt.

I bakkant av slagbrua er det eit gitter, «bruforlengaren», Fig. 6, som slepper gjennom lausslegne kjernar. Bak bruforlengaren er «halmtrommelen» (ikkje vist i figur 2) plassert. Han har ei sylindrisk utforming med taggar på overflata, er plassert over halmstrengen, og roterer i motsett retning av slagaren. Halmtrommelen har som oppgåve å hindra at halmen viklar seg rundt slagaren og å endra retning på halmen ned mot bruforlengaren og fremre del av halmristarane. Halmtrommelen kan òg i nokon grad treske ut attsittande kjernar.

Halmristarane[endre | endre wikiteksten]

Halmristarane i ein Volvo BM S800.

Når halmen kjem ut frå treskeverket, vert han kasta inn på halmristarane, Fig. 2 (8), som har til oppgåve å rista ut kjernar som er att i halmen, samtidig som dei transporterer halmen bakover og ut av skurtreskaren. Dette vert gjort ved at halmristarane er opphengde på veivakslar som set dei i både horisontal og vertikal rørsle, slik at halmen vert ført bakover. Ristefrekvensen varierer frå rundt 170 til 280 o/min[1]. For å sikra at halmen vert ført bakover, er halmristarane utforma som trappetrinn, og for å sikra jamnare fordeling av halmen er dei oppdelte i frå 3 til 5 separate «ristekassar». Kjernane som fell gjennom ristarane, vert samla opp i botnen på kvar ristekasse og ført framover til reinskeverket.

Om ristarane vert overbelasta, blir halmstrengen tjukkare, og fleire kjernar vert med halmen ut av treskaren. Det er vanleg at 80 til 90 % av kjernetapet kjem frå halmristarane[1]. Ved tresking i sidehelling vil halmen samla seg opp i nedre side, slik at halmlaget vert tjukkare og tapet aukar. I nedoverbakke vil òg halmlaget verta tjukkare, fordi halmristarane arbeider i motbakke. Men om føraren set ned farten, treng ikkje dette å føra til auka tap. Ved køyring i motbakke vert halmristarane horisontale eller får nedoverhalling, slik at farten på halmen aukar. Dette kan føra til at ikkje alle kjernane vert rista ut. Dei fleste skurtreskarane har halmbremser, utforma som stålplater, eller gummiduk, som heng med over halmristarane. Desse skal redusere farten halmen har ut frå treskeapparatet (farten på halmen er om lag 1/3 av periferifarten til slagaren) og hindra at lause kjernar vert kasta for langt bakover.

Reinskeverket[endre | endre wikiteksten]

Undersida av halmristarane og solla i reinskeverket.

Kjernane som dett gjennom slagbrua vert transporterte bakover til reinskeverket av kornplata (9), som er utforma som eit trappetrinnsforma plate som er opphengte i dei fire hjørna og set i rørsle av ein veivaksel. Den kombinerte vertikale og horisontale rørsla fører «dråsen» (kjernar, agner og halmbitar) bakover, samtidig som materialet vert sortert ved at dei tyngre kjernane legg seg på botnen og dei lettare agnene hamnar på toppen.

Dråsen frå kornplata og kjernar frå halmristarane hamnar så på ein forsoll (ein forlenging av kornplata), for så å verta ført inn på oversollet (agnsollen) (11), som grovreinskar dråsen for agner og halmbitar. Reinskinga vert utført ved at vifta, figur 2 (10), bles luft opp gjennom opningar i oversollet, slik at agner og halmrestar fyk bakover og ut av maskina. Dei tyngre kjernane dett gjennom oversollet og ned på undersollet (12).

I bakkant av oversollet er det plassert ei rist, kalla «retursoll», som fangar opp kjernar som enda sit fast i bitar av akset og kjernar med snerp. Bak retursollet sit «oppfangarplata», som har til oppgåve å fanga opp kjernar som vert kasta bakover. Oppfangarplata er som oftast justerbar i høgda. Det som fell gjennom retursollet dett ned i eit traktforma røyr, med ein transportskruv som fører returmassen ut til sida, der ein returelevatoren (14), fører returmassen tilbake til treskeverket eller i somme tilfelle til kornplata. Ved dårleg uttresking, snerp, o.l., er det ein føremon at returmassen vert ført tilbake til treskeverket, med dette fører samstundes til meir skadar på kjernane. På nokre skurtreskarar er returelevatoren plassert i nærleiken av førarplassen og har ei luke, slik at føraren kan ta ut prøvar av returmaterialet og slik danna seg eit bilete av korleis treskaren arbeider.

Undersollet (12) ligg under oversollet og har som oppgåve å finreinska kornet før det vert ført til korntanken. Reinskinga går føre seg ved at luft vert blåse opp gjennom opningane i sollet og tek med seg det som er att av agner og anna rusk. Kornet vert transportert på same måte som på oversollet, ved att sollet vert rista av veivakslingar. For å redusere vibrasjonen i treskaren er rørslene til undersollet i motfase med rørslene til oversollet. Når kornet dett ned frå enden av undersollet vert det ført ut til sida av ein kornskruven (15) og over i ein elevator (ikkje vist i Fig. 2) som fører det opp i korntanken (16).

Det er viktig at luftstraumen gjennom solla har høveleg fart. Om farten er for stor fører det til tap på grunn av at kjernar vert blesne ut saman med agnene og om farten er for liten vert kornet dårlegare reinska. Turtalet på vifta må difor justerast etter korntype, fuktigheit osv. Vifta er difor som oftast utstyrt med trinnlaus regulering av turtalet ved hjelp av ein kilereimvariator. Storleiken på hola i solda må stå i høve til diameteren på kjernane, så det kan vera naudsynt å bytta soll når ein skal treske ulike korntypar, grasfrø, oljevester og liknande.

Korntanken[endre | endre wikiteksten]

På dei fyrste skurtreskarane vart kornet fylt i sekker. Frå reinseverket førte ein elevator kornet til ein sekkefyllar og ein person på ei plattform sytte for å knyta for på bytta sekker etter som dei vart fylt opp. Dei fulle sekkene vart lagt att på åkeren, for å verta samla opp etterpå. Men ut på 1950-talet vart det vanleg å føra kornet opp i ein oppsamlingstank. Når tanken er full, vert den via ein kornskruv, tømt direkte i ein traktortilhengar, lastebil eller konteinar. Det er vanleg at ein traktor med tilhengar køyrer ved sida av skurtreskjaren under tømming, slik at treskinga kan halda fram under tømminga.

Motor og drivverk[endre | endre wikiteksten]

Skurtreskarar har ein etter måten stutt sesong, men motorane vert for det meste køyrde på fullt turtal og med tilnærma full effekt. Medan dei fyrste sjølvgåande skurtreskjarane hadde bensin- eller parafinmotor, er moderne maskiner utstyrte med dieselmotorar. Plasseringa av motoren har òg endra seg. Tidlege maskiner hadde ofte motoren lågt plassert, noko som førte til god stabilitet, men det var ofte eit problem at radiatoren tetta seg til med agner og halmrestar. Plasseringa tett på mykje brennbart materiale på bakken gjorde òg at det kunne oppstå brann. På moderne skurtreskarar har motoren som oftast ei høg plassering og lufta til radiatoren vert filtret for å unngå tilstopping. Luftfiltret til innsugingslufta til motoren har òg ei høg plassering og er utstyrt med effektive filtre.

Sjølvgåande skurtreskarar har drift på framhjula og vert styrte med bakhjula. Drivhjula er utstyrte med gripemønster av same type som på traktorar. På eldre skurtreskarar var overføringa til drivhjula som oftast utført som kjede og reimoverføringar. I tillegg til girkasse var det vanleg med ein kilereimvariator for å oppnå trinnlaus regulering av framdriftfarten. På moderne maskiner er det vanleg med hydrostatisk overføring, som i tillegg til trinnlaus variasjon av køyrefarten òg er meir robust enn kilereimvariatorane. Nokre skurtreskjarar kan leverast med firehjulsdrift, noko som aukar framkomstevna i skråningar og på blaut åker. Bakhjula har då hydrostatisk drift, via hydraulikkmotorar plasserte direkte på styrehjula. Skurtreskarar som vert nytta på særleg blaut åker, som til dømes ved hausting av ris, vert utstyrte med belte.

Halmkuttaren[endre | endre wikiteksten]

Halmen kan anten takast vare på eller pløyast ned og nyttast som næring for neste avling. Mange skurtreskarar er difor utstyrte med halmkuttar, plassert bak på maskina, slik at halmen går direkte frå halmristarane og inn i halmkuttaren. Fleire typar halmkuttar har vore i bruk [1]:

  • ein trommel med faste knivar som går mot ein glatt trommel
  • to tromlar med faste knivar, med synkron drift, slik at knivane går i inngrep, men utan å ha kontakt med kvarandre.
  • ein trommel med faste kantstilte radiale knivar som knusar halmen mot faste knivar som stikk ut frå ein bjelke.
  • ein trommel med hengsla kantstilte radiale knivar som knusar halmen mot faste knivar som stikk ut frå ein bjelke.

Den siste typen er mest vanleg i dag på grunn av at knivane kan vika unna om det er stein i halmen, slik at dei ikkje så lett vert skadde. Det er som oftast mogeleg å styre halmen forbi halmkuttaren ved hjelp av eit spjeld. Det er òg vanleg at utløpet frå halmkuttaren er utforma slik at halmrestane vert spreidde jamt ut over heile skjerebreidda.

Førarplassen[endre | endre wikiteksten]

Døme på førarplass frå 1960-talet Bolinder Munktell S900 (1966–1972).

På dei fyrste sjølvgåande skurtreskarane var førarplassen open og spakar og pedalar hadde ofte ei noko uheldig plassering og var i tillegg ofte tungmanøverte. Utover 1950-talet byrja produsentane å utforma førarplassen slik at føraren fekk ein meir komfortabel og sikrare arbeidsplass. Spakar og pedalar fekk ei meir ergonomisk utforming og plassering og førarsetet vart polstra og utstyrt med fjøring, figur 11. Slike opne førarplassar var ein føremon på det viset at føraren kunne fylja med på korleis maskina arbeidde ved å høyra på lyden frå treskeverket og lytta etter ulydar. Men det førte òg til at føraren kunne verta plaga av støv og støy.

Moderne skurtreskarar har innebygde støyisolerte førarhus. Det er òg vanleg at lufta vert filtrert og avkjølt. Men det er framleis ikkje vanleg med styrtsikre førarhus på skurtreskarar. Alle moderne maskiner har servostyring og servobremser, så arbeidet til føraren er mykje lettare enn tidlegare.

Dei lydisolerte førarhusa gjorde det vanskelegare for føraren å fylja med på korleis maskina arbeidde. Ulydar frå treskjeverket, reimar som slurar osb. høyrdest ikkje i førarhuset. Moderne skurtreskjarar er difor utstyrte med mange forskjellige sensorar som gjev føraren informasjon og åtvaringar når det oppstår feil. Førarhuset er difor utstyrt med avanserte instrumentpanel.

På dei fyste skurtreskarane var det eit virvar av kjeder og reimar utan vern, som førte til stygge ulukker ved at lause klede sette seg fast. På moderne maskiner er drivverket verna av deksel, men det er framleis naudsynt å visa aktsemd ved ettersyn og reparasjon.

Automatisering og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Dei innkledde og lydisolerte førarhusa førte til at det vart vanskelegare for føraren å fylja med på korleis maskina arbeidde. For å bøta på dette har det vorte innført sensorar og elektroniske instrumentering. Overvaking av korntap på grunn av overbelasting av halmristarane og reinskeverket vert til dømes registrert av mikrofonar som registrerer lyden av kjernar når dei dett ned på ei metallplate[1]. Turtalet til slagaren, vifta, osb. vert registrerte av sensorar og vist på instrumentpanelet på førarhuset. Avansert elektronikk og programvare er i stort mon teken i bruk for å samla inn og presentere informasjon for føraren.

Ved å måla kornmengda frå reinskeverket og framdriftsfarten kan føraren få informasjon om avling per flateeining. I dei siste åra har satellittnavigasjon vorte teken i bruk for å registrere posisjonen til skurtreskaren. Ved å kombinere denne informasjonen med avling per flateeining er det mogeleg å bygga opp eit avlingskart, som saman med informasjon om temperatur og nedbør kan nyttast til å setta saman eit gjødslingskart over kvar einskild åker. Desse kan så nyttast for automatisk regulering av gjødselmengda ved bruk av avanserte gjødselspreiar og/eller for automatisk vatning. Ved å ta vare på denne informasjonen over fleire år kan slike kart gradvis forbetrast over tid.

Bakketreskjarar[endre | endre wikiteksten]

Når skurtreskjarar vert nytta i sidehelling er det eit problem at halmen sklir sidevegs på halmristarane, slik at halmlaget på ristarane på nedsida vert alt for tjukt. Dette fører til stort kjernetap, på grunn av at ikkje alle kjernane rekk på detta gjennom halmlaget. Same problem oppstår på reinskeverket, som òg vert skeivbelasta. Problemet kan i nokon grad reduserast ved å sette ned køyrefarten, men det vil føre til dårleg utnytting av kapasiteten til treskaren.

For å bøta på dette problemet er det utvikla skurtreskarar som vatrar opp maskina, slik at ho står i same stilling i sidehelling som på flat mark. Det er berre skjerebordet som fyljer hellinga til åkeren. Nokre bakketreskarar vatrar maskina berre for sidehelling, medan andre kompenserer både i side- og lengderetning.

Avvatring i sideretning skjer ved at hydrauliske sylindrar senkar det eine drivhjulet og hevar det andre. Avvatring i lengderetning skjer ved at dei to akslane vert justerte vertikalt i høve til kvarandre. På moderne bakketreskarar skjer avvatringa automatisk av eit reguleringssystem som styrer oljestraumen til dei hydrauliske sylindrane.

Den fyrste bakketreskaren vart laga av Benjamin Holt i 1892, og vart dregen av hestar[1]. Den fyrste bakketreskaren i Noreg vart importert i 1978, men på grunn av at prisen er mykje høgare enn for vanlege skurtreskjarar er det framleis få bakketreskarar i Noreg[1].

Aksialtreskarar[endre | endre wikiteksten]

I 1975 marknadsførte New Holland verdas fyrste skurtreskarar med eit roterande treskeverk, plassert på langs i maskina. Målet var å redusera kjernetapet og å redusera skadane på kjernane[1]. International Harvester var òg tidleg ute med aksialtreskarar. Aksialtreskarar har fått noko utbreiing i Nord-Amerika, men i Norden er dei lite utbreidd.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste eksperimenta med å utvikle ein skurtreskar tok til for om lag 180 år sidan, men det var fyrst i siste delen 1800-talet at dei vart tekne i bruk i stor målestokk og for det meste berre i California. Det var ikkje før etter århundreskiftet at dei fekk noko større utbreiing utanfor vestkysten av USA.

Hestedrift[endre | endre wikiteksten]

International Harvester McCormick slepetreskar dregen av hestar.

I 1828 fekk Samuel Lane, i delstaten Maine i USA patent på eit køyrande treskeverk[2]. Liknande patent vart gjevne til usaianarane Asham og Peck i 1835 og til Briggs og Carpenter i 1836 [2]. Desse patenta gjekk tapt då patentkontoret brann opp i 1836 og med unnatak av at dei var konstruerte for å verta dregne av hestar er lite kjent om desse maskinane.

Den fyrste skurtreskaren vart laga av Hiram More, i delstaten Michigan i USA, i 1836. More starta eksperimenta sine i 1835 og i 1836 fekk han, saman med og John Hascall, patent på maskina[3]. Maskina til Moore vart dregen av eit hestespann og hadde eit skjerebord som stakk ut på høgre side. I 1837 vart maskina nytta for å hausta 80 dekar kveite og i 1839 vart det hausta 80 dekar per dag; til saman hausta maskina 250 dekar kveite i 1839 [2]. More hadde fått økonomisk stønad frå Michigansenatoren Lucius Lyon, som i 1941 hausta 600 dekar med ei slik maskin. I 1840 overdrog han storparten av rettigheitene til maskina til Lyon og Robinson, som året etter tok over resten av rettigheitene[2]. Men Moore heldt fram med å forbetra maskina og kom fram til ei maskin med ein kapasitet på opp til 160 dekar om dagen.

I 1853 laga Moore ei maskin til John M. Horner i Alameda County i California. Maskina vart bygd i Michigan og senna med ein klipper rundt Kapp Horn. I 1854 vart ho nytta til å hausta 2400 dekar kveite på garden til Horner. I 1956 brann maskina opp i den fyrste skurtrekjarbrannen i historia[2]. Moore laga ikkje fleire skurtreskarar etter dette, men Horner bygde tre maskiner i tidsbolken 18591867. Medan Moormaskinene vart trekkje av hestar vart Horner sine maskiner skuva av opp til 18 hestar. Føremonen med dette var at skjerebordet, som var på 3–3,5 m, ikkje stakk ut på sida, slik at hestane slapp å stå imot sidekrafta.

Desse maskinene viste seg svært effektive på dei tørre store flate markene i California og mange andre føretak tok til å laga skurtreskarar. I tidsbolken 18581888 skal det ha vore 21 skurtreskarprodusentar på stillhavskysten av USA. I andre lutar av landet, med kaldare og fuktigare klima, fekk dei ikkje så stor utbreiing. Det var fyrst etter 1900 og fram mot 1920 at skurtreskarar breidde seg over resten av USA og Canada. Men overgangen frå hestar til traktor skjedde gradvis og på 1920-talet vart hestar framleis nytta som trekkraft. Mange av dei meir konservative gardbrukarane helt òg fram med å nytta sjølvbindarar og stasjonære treskeverk.

Mange av desse skurtreskarane var svært store, med arbeidsbreidder opp til tolv meter og ved ein masse på opp til 15 tonn. Etter som skjereapparat, treskje- og reinskeverk vart drivne frå hjula på treskarane skulle det mange hestar til for å trekkja dei; 32 hestar var vanleg, men både 44 og 50 hestar vart nytta for dei største maskinene. På 1920-talet var somme skurtreskarar utsyrte med motor som drog skjæreapparatet, treskje- og reinskeverket. Talet på hestar kunne då reduserast noko.

Å handtera så mange hestar kravde mykje av køyrekaren. Han sat høgt plassert på treskaren for å ha oversikt over hestane. To, eller tre, hestar var plasserte fremst i spannet og det var desse køyrekaren styrte. Når hestane gjekk over ein bakkekam hendte det at dei kvart or synsfeltet til køyrekaren medan treskaren enda var på tur opp bakken. Det hendte òg at hestane vart skremde av levenet frå treskaren, hundar, osb., og sprang ut, noko som ofte førte til at treskaren, som var laga av tre, enda opp som vrak. Brann, på grunn av varmgang i lager, var òg eit problem.

I tillegg til køyrekaren var «formannen» og «treskekaren» prominente «størrelsar» på treskaren. Det var formannen som hadde kommandoen. I tillegg var det ei sekkeplattform med ein eller fleire mann som bytta og sydde att sekkar etter som dei vart fulle. Arbeidstilhøva var ikkje alltid dei beste. I tillegg til støv frå treskaren virvla hestane opp mykje støv frå dei tørre åkrane.

Dampdrift[endre | endre wikiteksten]

Slepetreskar dregen av ein damptraktor i California[4]

Skjerebordet og treskeverket i dei hestedrevne skurtreskarane vart drivne frå hjula, så maskinene var tunge å trekkja. I 1871 demonstrerte B.F. Cook ei maskin som nytta ei dampmaskin for å driva slåtteapparatet, treske- og reinskeverket. Denne maskina var difor mykje lettare å trekkja og kravde færre hestar.

I åra 1881 til 1888 utvikla George Stockton Berry, i Sakramentodalen i California, ein dampdriven sjølvgåande skurtreskar som nytta halm som drivstoff. Den fyrste versjonen, som var ferdig i 1886, hadde ei arbeidsbreidd på 6,7 m. I 1888 vart arbeidsbreidda auka til tolv meter og maskina kunne hausta opp til 460 dekar i døgnet[2]. Truleg arbeidde dei heile natta, for maskina var utstyrt med lamper. Sjølv når ein tek omsyn til at dette var under gode tilhøve med tørt ver og at avlingane per dekar var mykje mindre enn det som var vanleg i Europa på denne tida, er det likevel imponerande mykje. Treskaren til Berry hadde to dampmaskiner, ei 26 hk maskin for framdrift og ei mindre maskin på seks hk for å driva treskjeverket. Begge maskinene fekk damp frå same dampkjelen. Fire maskiner til av same type vart laga ved Benica Agricultural Works og var i bruk fram til 1902[2].

I 1885 tok Benjamin Holt til å laga damdrive skurtreskarar og i 1889 fylgde Daniel Best, som tidlegare hadde laga hestetreskarar, etter. I 1894 eksporterte Holt ei maskin til Australia. Dette var den fyrste skurtreskaren i Australia. Best og Holt vart begge storprodusentar av skurtreskarar (og seinare beltetraktorar) og konkurrerte hardt fram til dei i 1925 slo saman føretaka sine til Caterpillar. Fleire føretak tok òg til å produsere store slepetreskarar, som fyrst vart dregne av damptraktorar og seinare av traktorar med forbrenningsmotorar. Desse maskinene var svært like dei som vart nytta for hestedrift og som desse var mange svært store, med arbeidsbredder på ti til tolv meter og med ein masse på ti til 15 tonn. På grunn av at damptraktorane hadde svært stor masse var dei utstyrte med hjul med ei breidd på opp mot 13 m. Dette var svært upraktisk og det vart utvikla beltetraktorar for å trekkja skurtreskarane. Holt hadde den fyrste beltetraktoren ferdig i 1904.

Slepetreskarar for traktor[endre | endre wikiteksten]

Hart-Parr 30 med slepetreskar.
Bolinder Munktell MST 52 slepetreskar (1955–1959).

I tida fram til 1. verdskrigen var det stort sett berre i California at skurtreskarar vart nytta. Både landskapet og klimaet der høvde godt for maskinell hausting. Situasjonen endra seg då krigen braut ut og det vart både vanskeleg og dyrt å få tak i gardsarbeidarar og hestar. Samstundes tok bensindrivne traktorar til å verta såpass pålitelege at dei tok over for damptraktorane. Bruk av traktordrivne slepetreskarar spreidde seg difor til dei store præriane i Midtvesten og mange nye produsentar dukka opp.

Dei fleste nordamerikanske traktorar produserte før fyrste verdskrig var store saktegåande kolossar og slepetreskarane som var mynta på desse traktorane var òg store og kostbare. Etter krigen kom det mindre traktorar på marknaden, men det var ikkje før på 1930-talet at det vart produsert slepetreskarar som høvde for desse. Sjølv om International-Harvester hadde introdusert ein traktor med kraftuttak tidleg på 1920-talet var dei fleste traktorane ikkje utstyrte med kraftuttak før ut på 1930-talet. Slepetreskarane var difor utstyrte med eigne bensinmotorar for å driva skjerebordet og treske- og reinskeverket.

Ut på 1930-talet vart det utvikla små slepetreskarar. Allis-Chalmers Model 66 All Crop Harvester, som kom på marknaden i 1936, var ein liten slepetreskar med ei arbeidsbreidd på 1,5 m og tverrstilt reinskeverk. Maskina vart driven frå kraftuttaket på traktoren og var utstyrt med korntank[5]. Denne treskaren var både teknisk revolusjonerande og etter måten billig.

I Europa var det fyrst mot slutten av 1920-talet at dei fyrste skurtreskarane vart innførte. Den fyrste skurtreskaren i England var ein International-Harvester McCormick-Deering Nr 8 slepetreskar, som vart importert i 1928. Den fyrste europeiske skurtreskaren vart laga av det engelske føretaket Clayton & Shuttleworth i 1929[6] og hadde ei arbeidsbreidd på 3,6 m[2]. I Frankrike eksperimenterte Albert Douilhet med ei maskin som slo og treska, men ikkje reinska kornet. Denne maskina vart slepa, men var utstyrt med eigen motor for treskeverket.

Dei fyrste eksperimenta med skurtreskarar i Tyskland tok til i 1930, då Deutschen Industriwerke (DIW) i Berlin-Spandau bygde ein prototype. Men då føretaket vart seld til Fella i Feucht vart denne aktiviteten lagt ned og det vart Claas som i 1937 marknadsførte den fyrste tyske skurtreskaren. Dette var ein slepetreskar med typebetegnelsen «M.D.B» (Mäh-Dresch-Binder)[7]. Det var produsert rundt 1400 M.D.B. fram til utbrotet av andre verdskrig.

I Norden var svenske føretak fyste ute med skurtreskarproduksjon. Bolinder-Munktell starta produksjon av slepetreskarar i 1940 og frå 1947 tok òg Arvika-Thermaenius opp produksjon av slepetreskarar[8]. I Danmark starta Dronningborg produksjon av slepetreskarar i 1953.

1950-talet vart det produsert både slepe- og sjølvgåande skurtreskarar. Det var fyrst då traktorane mot slutten av 1950-talet vart utstyrte med fleire gir at farten kunne tilpassast slik at slepetreskarane kunne utnyttast optimalt. Men samstundes var sjølvgåande skurtreskarar i ferd med å vinna innpass og på 1960-talet var så godt som alle nye skurtreskarar sjølvgåande.

Sjølvgåande skurtreskarar[endre | endre wikiteksten]

Sjølvgåande skurtreskjar frå sist på 1950-talet: Dronningborg D880.
Sjølvgåande skurtreskjar frå 1980-talet: Fortschritt E514.
Moderne sjølvgåande skurtreskar: New Holland CR960.

Den fyrste sjølvgåande skurtreskaren vart laga av George Stockton Berry i 1886, men etter dette er det ikkje kjent at at vart laga fleire sjølvgåande skurtreskarar før Massey Harris tok til å eksperimentera med slike i 1937. Den fyrste prototypen, som fekk typebetegnelsen 20, viste seg å vera i tyngste laget, så ein modifisert versjon, med typebetegnelsen 21, vart utvikla og sett i produksjon i 1941[2][5]. Denne maskina hadde eit førmon ved at skjerebordet stod rett framom maskina, slik at det ikkje lenger var naudsynt å skjera rundt åkeren før ein tok å treska. Dessutan hadde føraren betre oversyn over skjerebordet enn når han nytta slepetreskar.

I etterkrigstida kom det fleire sjølvgåande treskarar på marknaden, men det var fyrst på 1950-talet at sjølvgåande treskarar tok til å dominera marknaden. Den fyrste europeiske sjølvgåande skurtreskaren som vart sett i serieproduksjon var den svenske maskina Bolinder-Munktell MST-92, med ei arbeidbreidd på 2,7 m, som kom på marknaden i 1951[8]. I Tyskland kom Claas Herkules SF, som hadde ei arbeidsbreidd på 2,4 m, på marknaden i 1953[9]. Det finske føretaket Porin Konepaja (i dag Sampo-Rosenlew) marknadsførte ei sjølvgåande maskin i 1957 og Dronningborg Maskinfabrik i Danmark i 1958. Frå 1960-talet og utover var så godt som alle nye skurtreskarar sjølvgåande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Heir, J.A., Skurtreskere og skurtresking, Landbruksforlaget, 1998.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Quick, G. og Buchele, W., The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978.
  3. More, H. og Hascall, J., Improvement in harvesting maschines for mowing, threshing, and winnowing grain at one operation, US patent, 28. Juni 1836.
  4. Millionaire farmers who till the soil with the head instead of hands, New York Times, 11/9-1904).
  5. 5,0 5,1 Wilkie, J., An illustrated history of combine harvesters, Ian Allan, 2001.
  6. Bell, B., Fifty years of farm maschinery, Farming Press, 1993.
  7. Bols, U., Mähedrescher in Deutscland 1931 bis heute, Bind 1, Verlag Podszun-Motorbücher GmbH, 2005.
  8. 8,0 8,1 , Hedell, O., Från Munktells till Valmet - en 75-årig traktorepok, LFR Media, 2000.
  9. Baedeker, M. og Lenge, R., Die Claas Mähdrescher-Story, Verlags-Union Agrar, 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skurtreskjar

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]