Colossus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colossus MK 2 i 1944.

Colossus var verdas fyrste elektroniske datamaskin. Maskina vart bygd i Storbritania under 2. verdskrigen for å knekkja tyske krypterte meldingar. Colossus var laga spesielt for å knekkja kodane til den tyske Lorenz SZ42-maskina, som var ei meir avansert enn Enigma[1]. Colossus hadde dimensjonane 4,5 × 3,2 × 2,5 m og ein effekt på rundt 6 kW.

Bygginga[endre | endre wikiteksten]

Utviklingsarbeidet vart leia av Tommy Flower ved utviklingsavdelinga til det britiske postverket i Dollis Hill. Grunnen til at postverket var med var at ei gruppe der, leia av Tommy Flower, dreiv og eksperimenterte med å bruka radiorøyrer for å kopla opp telefonlinjer. Den fyrste maskina, MK 1, vart installert ved Bletchley Park i desember 1943 og sett i drift i januar i 1944[2], eit par år før Eniac[1]. Maskina synte seg å fungera godt og det vart bestilt enda ei. Den andre maskina var ein litt modifisert versjon og vart kalla MK2. Til saman vart det installert ti Colossus-maskinar i Bletchley Park. Dei arbeidde 24 timar i døgret og teknikarane arbeidde på skift for å halda dei i gang.

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

Colossus nytta radiorøyr for å utføra Bolsk algebra og hadde meir enn 2500 røyr, med ein sampla effekt på rundt 6 kW. Levetida til radiorøyr vert forkorta når dei vert slegne av og på. For å redusera feilraten var glødinga til røyra alltid på. Då maskinane var i drift arbeide dei 24 timar i døgret, så dette førte ikkje til problem[1].

Rådata vart lesne inn frå ein papirhòlband, ved hjelp av ein papirhòlbandlesar konstruert av Arnold Lynch. Hòlbanda vart lesane ved hjelp av fotosensorar laga av katodefyljarar. Spenninga frå fotosensorane vart så forsterka ve hjelp av EF36 pentodar. Desse hadde ei glødespenning på 6.3 V. Glødestraumen var på berre 200 mA, medan det vanlege på denne tida var 300 mA. Colossus hadde over 1700 pentodar av denne typen, så den lågare glødestraumen førte til ei innsparing på over 1 kW. Denne lesaren arbeidde med ei hastigheit på 5000 teikn i sekundet[1].

Colossus vart ikkje styrt av ei konstant klokke som moderne datamaskinar, men vart synkronisert med hòlbandlesaren. Fem fire-dekades tellarar spela ei sentral rolle i Colossus. Dekadetellarane var baserte på ein konstruksjon som Wynn Williams, ved Telecommunication Research Establishment i Malvern, hadde laga tidlegare. Dei var bygde i form av ei bistabil vippe i kaskade med ein fem-trinns ringtellar. Desse fire-dekades tellarane kunne tella frå 0 til 9999 og var realiserte med EF36-røyr, to i den bistabile vippa og fem i ringtellaren[1]. På utgangen av tellarane var det plassert bufferar, baserte på 6J5 triodar. Sjølv om maskina ikkje vart styrt av ei global klokke, vart tellarane styrt av eit klokkesignal på 5 kHz.

Maskina var ikkje ei generell datamaskin, men var spesiallaga for å knekkja den tyske Lorentz SZ42-koden. Ho vart programmert med brytarar på eit kontrollpanel. Lorentz SZ42 hadde tolv kodehjul og arbeidde med ei ordlengd på 5 bit. Colossus dekoda ikkje datastraumen, men rekna ut startposisjonane til kodehjula i Lorentz SZ42. Sjølve dekodinga vart så utført av ei anna maskin, kalla ei «Tunny»[3][4].

Øydelegging og rekonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen gav Winston Churchill ordre om å øydelegga maskina og all dokumentasjon, for å unngå at andre nasjonar skulle få vite at Storbritannia var i stand til å knekkja krypterte meldingar[1]. Dette lukkast han langt på veg med. Informasjon om Colossus lak ikkje ut før på 1970-talet. Det viste seg seinare at vitskapsfolk frå USA som hadde arbeid ved Bletchley Park under krigen hadde teke med seg dokument. I 1995 måtte myndigheitene i USA frigi denne informasjonen på grunn av Freedom of Information Act og dokumenta vart publiserte på internett[4]. I 1993 starta Tony Sale arbeid med å rekonstruera Colossus og maskina vart prøvekøyrd i 1996[4].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Coultas, C., Colossus: The world's first electronic digital computer, Elctronics World, juni 2004, ss. 16-20.
  2. The Colossus Computer, The National Museum of Computing. (vitja 14/5-2010)
  3. General report on Tunny, AlanTuring.net. (vitja 14/5-2010)
  4. 4,0 4,1 4,2 Sale, T., The Newmanry History Part of the General Report on Tunny (1945), Codesandciphers.org.uk (vitja 14/5-2010)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]