Copelandøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Copelandøyane (eller Oileáin Chóplainnirsk) er ei øygruppe nord i Irskesjøen, nord for Donaghadee i County Down i Nord-Irland. Ho består av Lighthouse, Mew og Copeland Island.

Øyane har internasjonalt viktige koloniar med sjøfugl som havlire og raudnebbterne, i tillegg til nasjonalt viktige koloniar av svartehavsmåse, fiskemåse og ærfugl. Havlirekolonien på Copelandøyane utgjer om lag 1,7 % av den samla bestanden i heile verda og består av om lag 4000 par.

Av andre fugleartar finn ein teist, vassrikse, skogdue, vipe og myrsnipe.

Ein finn òg gråsel og steinkobbe ved øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]