Fiskemåse
| Fiskemåse | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Laridae | |
| Slekt: | Larus | |
| Art: | L. canus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Larus canus | ||
| Fiskemåse, fiskemåke | |
| Norske dialektnamn | |
|---|---|
| Seing (Nord-Noreg) | |
| Namn på andre språk | |
| Svensk | Fiskmås |
| Dansk | Stormmåge |
| Engelsk | Common Gull (Sea Mew, Mew Gull) |
| Tysk | Sturmmöwe |
| Fransk | Goéland cendré |
| Spansk | Gaviota cana |
| Russisk | Sizaja tsjajka (Сизая чайка), vizgunja (визгунья) |
Fiskemåse (Larus canus) er ein fugl av måsefamilien.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Dei vaksne fuglane har grå/gråsvart/svart overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er gulgrøne og med symjeføter. Dei har store spisse vengjer og flyt lett. Kjønna er like. Ungfuglar har ein meir brunspetta fjørdrakt. Fiskemåsen er ikkje so stor med sine 40 cm og om lag 400 gram.
Underartar [endre]
Fiskemåsen har fire underartar. Nokre forfattarar reknar to av dei som eigne artar.[2]
- Larus canus canus Linné, 1758. Den lysaste gråe underarten med mørke irisar. Veg 290-480 g, held til i Europa og vestre Asia.
- Larus canus heinei Homeyer, 1853/ Den mørkaste gråe underarten med mørke irisar. Veg 315-550 g, held til i sentrale Nord-Asia.
- Larus canus kamtschatschensis Bonaparte, 1857; syn. L. kamtschatschensis. Mellommørkegrå, lys iris. Veg 394-586 g, held til i nordaustre Asia.
- Larus canus brachyrhynchus Richardson, 1831; syn. L. brachyrhynchus. Mellommørkegrå, lite svart og mykje kvitt på vingespissane, lys iris. Veg 320-550 g, held til i Alaska og vestre Canada.
Forvekslingsart [endre]
Fuglen ser ut som ei forminska utgåve av gråmåsen.
Levevis [endre]
Fiskemåsar held til ved kysten, nær ferskvatn, i våtmarker og i jordbrukslandskap.[1]
Utbreiing [endre]
Fiskemåsen held til i Europa, Asia og sørvest i Nord-Amerika. Han trekker sørover om vinteren
Fiskemåsen er den vanlegaste måsearten i Noreg med ein populasjon på 120 000–240 000. Den totale bestanden av måsar i Noreg har truleg gått ned i perioden 1986 til 2006, med stor nedgang i Telemark og Vest-Agder. I Sør-Helgeland har han derimot vokse kraftig i same perioden.[1] Fiskemåsen hekkar ved kysten og ved ferskvatn i innlandet. Arten er jaktbar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Common Gull» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2010.
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Rødlistedatabasten (vitja 14. oktober 2011)
- ↑ Olsen, K. M., & Larsson, H. (2004). Gulls of Europe, Asia and North America. Helm ISBN 0-7136-7087-8 (Engelsk Wikipedia)