Vipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vipe

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Vipe
Vipe

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Klasse: Fuglar
Orden: Storkefuglar
Familie: Lofamilien
Slekt: Vanellus
Art: V. vanellus
Vitskapleg namn
Vanellus vanellus
Vipe
Namn på andre språk
Svensk Tofsvipa
Dansk Vibe
Engelsk Lapwing, Northern Lapwing, Peewit, Green Plover
Tysk Kiebitz
Fransk Vanneau huppé
Spansk Avefría, avefría europea
Russisk Tsjibis (Чибис), pigalitsa (пигалица)

Vipe (Vanellus vanellus) er ein fugl i lofamilien.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Viper.

Vipa er 28–31 cm lang, har ein lang fjørtopp på hovudet. Oversida på fuglen er grøn-svart med metall-glans, medan undersida er kvit med ein rustbrun undergump. Andletet er kvit med svarte striper. Hoa har mindre fjørtopp på hovudet sitt. Ho er lett å kjenne igjen medan ho flyg med dei breie, butte vengene sine.

Global utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vipa finst frå Island i vest via Storbritannia og Skandinavia til det nordvestre Sibir i aust.

Norsk utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vipa kan du sjå mykje på Sørlandet, og hekkar sjeldan over 1000 moh. Frå Nordland og lenger nord, ser du ho mest med kysten. Av alle norske vadefuglar er vipa den som du finn mest nær jordbruk, landskap med kort gras og myrar. Dette er område som vipa blir knytt til.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Vipereir med egg.

Hannen er aggressiv i hekketida. Hoa rugar på egga medan hannen jagar vekk inntrengjarar. Reiret er lagt i ei grop i bakken og er bygd opp av strå. Egga blir lagde i april – mai og dei blir ruga på i om lag 1 månad. Ungane forlet reiret ganske fort. Dei blir passa godt på til dei er 5 veker gamle. Då kan dei fly.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Vipa et mest makk, men den tek også ein god del insekt og sniglar. I fjæra finn ho kreps, muslingar og børstemark som ho tek.

Trekk og tilpassing[endre | endre wikiteksten]

I mars kan vi sjå hannen med sitt akrobatiske spel, som er eit teikn på at våren har kome. Saman med tjeld og stare er vipa ein av dei fyrste som kjem tilbake til Noreg etter at alle trekkfuglane reiste til varmare strøk. På denne tida kan det vere mykje snø, og ho oppheld seg mykje i fjæra. Etter at snøen er reist kan dei begynne med fluktspelet sitt og markere territoriet sitt. I og med at vipa startar hekkinga tidleg, blir mange reir øydelagde av vatn frå snøen. Bestanden i Noreg er i all hovudsak trekkfuglar, og trekkjer til Dei britiske øyane og kontinentet i slutten av oktober.

Vipa er fylkesfugl i Rogaland fylke.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vipe