Ærfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ærfugl
Ærfuglhann
Ærfuglhann
Ærfuglhoe
Ærfuglhoe
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga til ærfuglen. Områda i grønt er hekkeplassar og områda i blått er vinter- og fôreplassar
Utbreiinga til ærfuglen. Områda i grønt er hekkeplassar og områda i blått er vinter- og fôreplassar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Ærfuglar Somateria
Art: Ærfugl S. mollissima
Vitskapleg namn
Somateria mollissima
Hann- og hofugl, «é-kall» og «é», i Helgoland.
Foto: Andreas Trepte
Læte

Ærfuglen (Somateria mollissima) er ei stor marin dukkand som held til ved kysten i dei nordlege polarområda. Hannfuglane har eit lett kjennbart mønster av svarte og kvite felt medan hoene er brunspetta. Fuglen har vore kjelde til egg og dyrebare dun sidan førhistorisk tid, og blir framleis halden halvvegs som husdyr i det nordlege Noreg og på Island. Fuglearten er mest kjend under lokale namn i mange område av landet. Hofugl blir kalla «é» eller «é-kjerring» og hannfugl «é-kall» eller «é-stegg».

Edderdun[endre | endre wikiteksten]

Edderdun.

Duna ærfuglen fôrar reiret sitt med er særskilt mjuke, og er derfor mykje ettertrakta som fyll i dyner og liknande. Edderdun skil seg frå andre typar ved at dei ikkje har stilk, men mothaker som hektar seg i kvarandre, slik at dei dannar ein mjuk, samanhengande dott.

Dunsanking har vore ein viktig næringsveg langs kysten, og fuglar og menneske har utvikla eit samspel som begge har nytte av. Ein lokkar fuglar til seg ved å bygge tørre skjul av stein eller tre. Tørka tang forma som reir trekkjer også til seg fuglane, og hindrar i tillegg at dei blandar mose og gras i duna. Menneske lagar så lite bråk som mogleg når fuglane slår seg til i reira, og opptrer seinare som vaktarar mot rovdyr. Når fuglane forlét reira blir duna samla saman, reinsa og brukte som fyll.

Ein driv framleis noko ærfuglrøkt i Noreg. På Island er næringa meir industrialisert; der blir tusenvis av fuglar gjerda inn mot rovdyr og dunet reinsa med maskin. Eit reir gjev om lag 15 gram dun, til ei dyne går det med 1 kg dun slik at det trengst 60–70 reir til ei dyne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ærfuglen kan vera eitt av dei eldste husdyra i Noreg. Arkeologar har funne spor etter ærfugl i kjøkkenmottingar frå steinalderen og på helleristingar i Nord-Noreg, og restar av dun som dynefyll frå seinare tider i mellom anna Osebergfunnet.[2]

I vikingtida var egg og dun handelsvare, noko Ottar frå Hålogaland fortalde om. Egilssoga skildrar Torolv Kveldulvsson som eigar av eggvær. Soga om Olav den Heilage fortel at krangel om eit delt utvær der ærfuglar heldt til førte til at Hårek på Tjøtta brende Grankjell på Dønna inne; sonen til Grankjell drap deretter Hårek som hemn.

Det finst vidare skriftlege kjelder tilbake frå 1400-talet og seinare om verdien av egg- og dunvær for dei bruka som hadde bruks- eller eigedomsrett på slikt. Dunet steig i verdi på 1500-talet, då det blei vanleg med dyner heller enn med skinnfellar i senga, og rikfolk over heile Europa kravde edderdun i sengetøyet sitt. Ofte høyrde til dunet væreigarane; husmenn hadde plikt til å sanka det for dei, eller betalte ein del av leiga si i dun. I 1900 blei det produsert rundt eitt tonn edderdun på Helgeland.

Utviklinga av kunstfiber og gåsehald i stor stil førte til mindre etterspurnad etter det kostbare dunet. Synet på edderdun som den ypparste forma av luksus har likevel halde seg ved lag. For ei dyne får produsenten opptil 14 000 kroner, medan utsalsprisen kan vere 30 000 kroner i eksklusive forretningar (2007).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein hann og to hoer.

Vaksne individ har ei normallengd på 63 centimeter, som varierer mellom 60 og 70 centimeter, vengespennet er frå 95 til 105 centimeter og vekta er rundt 2000 gram med stor variasjon. Eit kjenneteikn for å fastsetje arten ærfugl er den tilspissa forma på hovudet som skil han frå andre andefuglar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fuglen finst langs kysten av Nord-Amerika, Nord-Europa og Sibir. Dei europeiske hekkeområda femnar om heile Fennoskandia, Svalbard, Jan Mayen, Island og den nordlege delen av Dei britiske øyane.

Populasjonen i norske område[endre | endre wikiteksten]

Helgeland har vore rekna som ærfuglen sitt kjerneområde i Noreg, medan han har vore «husdyr» på strekninga frå Sommarøy i Troms til Vikna i Nord-Trøndelag. Mesteparten finst nord for Stadt. Storleiken på den norske populasjonen av ærfugl er estimert til kring 190 000 par (2004). Utviklinga av bestanden har variert mellom dei ulike delane av landet, eit grunntrekk er fall i populasjonen i nord og stabilitet og auke i sør. I ein rapport frå NINA i 2002 kjem det fram at det er observert ein signifikant negativ utvikling mellom Saltfjorden og Smøla. Dette samsvarar med utviklinga som har vore observert i bestanden av hekkande par i området.[3]

På Svalbard har det vore eit ottesamt fall i populasjonen. Der er fuglen særs utsett for uro og predatorar som polarmåse og fjellrev. I 1989 var førekomsten estimert til ca. 20–25 000 par.

Ærfuglen er totalfreda i mesteparten av landet, men i nokre fylke rundt Oslofjorden er det tillate å jakte på arten. Ærfuglen er mykje utsett for oljesøl når han mytar (skiftar vengefjør), ein annan kritisk fase er rugetida då hoa og egga er lett bytte for mink, rev, oter, kråke, måse og andre predatorar.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Hoa signaliserer at ho er klar til å para seg med hannen.
Foto: BS Thurner Hof
É på egg i reir, frå engelske Farne Islands.
E-ungar i Borgenfjorden i Inderøy i juli 2004.
Ærfuglegg.

Om lag 40 % av hofuglane lever i par om vinteren. Hannfuglane tar seg av og passar på éa slik at ho er i god form til våren. I mars startar paringssesongen og hannane kurtiserer hofuglane med det velkjende «a-oh! a-oh!» som kan høyrast langs kysten og inn i fjordane om våren.

Dei første hofuglane går i land for å starte egglegginga i april-mai. Kort tid etter forlét hannane hekkeområdet og drar til mytingsområda. Hoa legg reiret på bakken og ho lagar ei grop som gjerne vert kledd med lyng og tare, i løpet av ruginga fôrar ho reiret med dun som ho nappar frå brystet. Ho legg seg ikkje på reiret før alle egga er lagde, slik at alle ungane blir klekte samstundes.

Ærfuglen legg 4–6 egg og ruginga varer 25–28 døgn, hoa trykker hardt på reiret og er lett bytte for predatorar som mink og rev om dei finn reiret. For å unngå predasjon er reira ofte på holmar og små øyar. I løpet av rugetida tar ikkje hoa til seg føde og taper om lag 1/3 av kroppsvekta.

Etter klekking tar hoa ungane ned til fjæra kor dei lever av tangsprell og andre smådyr som dei finn i vatnet. Her kan dei få selskap frå andre hoer med og utan ungar. Svartbak, gråmåse og havørn tar sin skjerv av ungane etter at dei er komne på havet.

Gjennom ein periode på 3–4 veker i juli-september feller andefuglar dei ytre vengefjørene og kan ikkje fly. I denne myteperioden er fuglane sårbare og samlar seg gjerne på stader kor dei er verna mot uro. Typiske mytingsområde er rundt holmar og skjer ytst på kysten, men det er også mange som myter inne i fjordar som Trondheimsfjorden. Hannfuglane mister fargeprakta si når mytinga har kome i gang.

I oktober samlast ærfuglane på sine tradisjonelle overvintringsplassar. Gode overvintringsplassar er ikkje meir enn 15–20 meter djupe og har gjerne litt straum fordi straum gjer gode vekstvilkår for byttedyra. Til dømes trivst ærfuglane i og rett utanfor Saltstraumen. På gode stader kan det vere flokkar på fleire hundre ærfuglar som overvintrar. Trondheimsfjorden er overvintringsområde for mange ærfuglar frå Austersjøen.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Ærfuglane er gode dukkarar, dei beiter på botndyr som blåskjel, sjøstjerner, krabbar, kråkebollar, børstemark og liknande. Dei kan dukke ned til 30 meter og dukk varer frå 30 sekundar til 1,5 minutt. Under dykkinga «flyg» fuglen gjennom vatnet med kjappe, rykkvise vengeslag. Ærfuglane kan også gå på botnen. Når dykket er ferdig lèt ærfuglen seg flyte passivt opp som ein kork.

Mattrongen er stor, ein vaksen fugl treng heile 2300 kJ (555 kcal) dagleg, som svarer til 1/4 av behovet til ein vaksen person og kan utgjere 2–3 kilogram blåskjel. Ærfuglen må ta med større byttedyr opp til overflata. Der handsamar dei maten på ulikt vis, til dømes ved å knuse skjel og rive av klør. Då er ærfuglane utsette for at måsar stel maten — kleptoparasittisme.

Ærfugl som mat[endre | endre wikiteksten]

Ærfugl har som dei andre fiskeendene blitt rekna for å ha transmak. Dette skuldast inntaket av fisk og skaldyr, kor smaken set seg i feittet på fuglen. For å få vekk transmaken har det blitt nytta teknikkar som fleire oppkok i mjølk og å vatne han ut i eddik eller surmjølk. Ei meir skånsam handsaming er å reinse og flå fuglen straks han er skoten, det meste av feittet sit rundt tarmane og under huda. Ein skal heller ikkje la skroget ligge lengre enn nokre dagar for mørning. Å nytte berre unge fuglar, og berre brystfiletane, vil også minske fiskesmaken. Ein steiker brystfileten i panna, til han er rosa i midten. Ein kan koke kraft til saus på beingrinda. Fileten kan òg nyttast i gryterettar.

Jakt på ærfugl er for tida (2007) berre tillate i fylka Østfold, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder, i tida 1. oktober til 30. november.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • É-huset, ærfuglmuseet på Nes ved Kirkøy

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]