Cubakrisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spionfoto av bygginga av den sovjetiske rakettbasen ved San Cristobal. Biletet vart teke med lågtflygande jagarfly.

Cubakrisa var ein spent konfrontasjon mellom Sovjetsamveldet og USA under den kalde krigen. Bakgrunnen var at Sovjetunionen plasserte ut atomrakettarCuba. Den mest intense tida byrja den 16. oktober 1962, då president John F. Kennedy fekk sjå fotografiske prov på sovjetiske installasjonar for avfyring av atomvåpen, og vara i 13 dagar til den 28. oktober 1962, då den sovjetiske leiaren Nikita Khrusjtsjov avgjorde at installasjonane skulle demonterast. Krisa vert i ettertid oppfatta som den tida då den kalde krigen var nærast å verta ein atomkrig, eller tredje verdskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ein viktig faktor for å skjøna alvoret i Cubakrisa, var den USA-støtta innrykkinga i Grisebukta (Bahía dei Cochinos) 17. til 19. april 1961. Innrykkinga vart slått tilbake, men det kubanske leiarskåpet med Fidel Castro og Che Guevara i spissen, var overtydd om at USA ville slå til med eit nytt og langt større åtak. Av denne grunnen knytta Cuba sterkare band til Sovjetsamveldet.[1]

At sovjetiske skip med rakettar var på veg ut i Atlanteren vart fyrst observert frå Langelandsfortet i Danmark. Fortet var oppretta som ledd i den kalde krigen og var retta mot skipstrafikken forbi Danmark.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Krisa braut ut 22. oktober 1962 då presidenten i USA John F. Kennedy fann ut at Sovjetsamveldet var i ferd med å utplassere mellomdistanserakettar på Cuba. Ein slik utplassering ville jamne ut terrorbalansen mellom USA og Sovjetsamveldet ved at Sovjetsamveldet med slike rakettar hadde mogleik til eit hurtig motangrep på USA med atomvåpen. Tidlegare ville eit slikt motangrep, på grunn av store avstandar, vore umogleg i tilfellet USA sitt åtak på Sovjetsamveldet frå basane sine i nærleiken av Sovjetsamveldet. Med rakettar på Cuba vart responstida minska til om lag sju minutt.

Før dette skjedde hadde Fidel Castro sett i gang ei stor av-amerikanisering eller nasjonalisering av den kubanske industrien. Som fylgje av dette valde Kennedy å stogge all handel med Cuba og erklære at USA ville setja i gang ein blokade av Cuba, eit omgrep som seinare vart redefinert til karantene. I tillegg bestemte han seg for å oppfordre dissidentar og dissidentskipnadar (t.d. Alpha 66 og Den kubansk-amerikanske skipinga) som arbeidde mot Cuba, til å utføra terror, attentatforsøk på politikarar og attentat på sivile kubanarar. Kennedy gjorde dette både av di han meinte at USA sine interesser vart truga og for å hindre utplassering av atomrakettar, nettopp fordi han visste at dette kunne skje som fylgje av det gode forholdet mellom Cuba og Sovjetunionen. Ein slik blokade var i strid med internasjonale reglar og er sett på som ein krigshandling. Ein karantene er meir selektiv, og i dette tilfellet gjaldt ho berre offensive våpen.

Sovjetsamveldet nekta å stogge lastebåtane med rakettar som allereie var på veg til Cuba. Eit eventuelt sovjetisk forsøk på å bryta blokaden ville verta møtt med ein amerikansk senking av fartøya, noko som igjen sannsynligvis ville vorte svart med sovjetisk gjengjelding. I sum ville ein slik konfrontasjon med stor sannsynlegheit ha endt opp til bruk av atomvåpen i og med at USA og NATO på denne tida hadde ein forsvarsdoktrine om at atomvåpen kunne brukast for å forsvara alliansen og dei individuelle medlemslanda.

Mens dei sovjetiske skipa var på veg til Cuba, dreiv amerikanske og sovjetiske diplomatar med uformelle og hemmelege forhandlingar. Desse forhandlingane lykkast, og dei sovjetiske båtane snudde like før dei nådde den amerikanske blokaden utanfor Cuba. Blant anna det norske forsvaret var i denne perioden i høg beredskap, med kort varsel for utrykking spesielt for avdelingar i Nord-Noreg.

Avtalen mellom USA og Sovjetsamveldet var hemmeleg, og er i ettertid blitt gradvis meir open. Ein del av avtalen var at Sovjetsamveldet skulle stogge arbeidet med å utplassere mellomdistanserakettar på Cuba mot at USA demonterte og trakk tilbake mellomdistanserakettane sine frå Tyrkia og Italia.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]