Cumberland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cumberland
historisk greveskap
Alston togstasjon i 1973
Land  Storbritannia
Del av England
Areal 1 516 km²
Folketal 306 144 (2011)
Kart
Cumberland
54°45′N 3°00′W / 54.75°N 3°W / 54.75; -3
Wikimedia Commons: Cumberland

Cumberland er ein tidlegare grevskap i den nordvestlege delen av England som hadde ei administrativ rolle frå 1100-talet til 1974. Det var eit administrerande grevskap frå 1889 til 1974 (med unntak av Carlisle frå 1914), og er no del av Cumbria. Det grensa til grevskapa Northumberland i nordaust, County Durham i aust, Westmorland i søraust, Lancashire i sør og dei skotske fylka Dumfriesshire og Roxburghshire i nord.

I april 2023 skal lokalstyret i Cumbria omorganiserast til to sameinte styresmakter, Cumberland, som vil inkludera det meste av det historiske grevskapet bortsett frå Penrith og området rundt, og Westmorland and Furness.[1]

Grevskapet Cumberland hadde eit innbyggjartal på 294 303 i 1961.[2]

Namnet har gjeve namn til fleire verksemder og omgrep, som Cumberland-sausage, Cumberland-bryting, HMS «Cumberland», Cumberland Fell Runners Club, Cumberland Athletics Club, aviser som The Cumberland News og The West Cumberland Times and Star og Cumberland Building Society.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Names for two controversial Cumbria councils revealed». BBC News. 5. november 2021. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Cumberland AdmC». Vision of Britain. Henta 13. desember 2017.