Puma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puma

Status i verda: LC Livskraftig

Puma.jpg

Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Slekt: Puma
Vitskapleg namn
Puma concolor

Pumaen (Puma concolor, tidlegare Felis concolor) er eit amerikansk kattedyr som høyrer med mellom dei mest tilpasningsdyktige pattedyra i verda. Sjølv om han liknar dei store kattedyra i storleik er han nærare i slekt med dei små kattane.

Andletet til ein puma.
Ungpuma i snøen.
Puma, kuguar, sølvløve
Namn på andre språk
Svensk Puma
Dansk Puma
Engelsk Cougar, puma, mountain lion, mountain cat, catamount, panther
Tysk Puma, Silberlöwe, Berglöwe, Kuguar
Fransk Puma, couguar, cougar, lion des montagnes
Spansk Puma, león de montaña, león, pantera
Russisk Puma (Пума), kuguar (кугуар), gornyj lev (горный лев)

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pumaen finst i mange fargevariantar, frå lys gråbrun til nesten heilt svart. Nyfødde ungar har mørke flekkar. Storleiken varierer òg, kroppslengda kan vera frå 100-195 cm og vekta 36-103 kg. Dette har å gjera med det store utbreiingsområdet, det finst ei ulike underartar som alle er tilpassa sine miljø.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Pumaen er ein einsam jeger som jaktar i kveldinga og tidleg om morgonen. I spesielt aude område (utan menneske) jagar dei òg på dagtid. Som hjå dei fleste andre kattedyr er jakten basert på sniking, men den kan òg sprinta over korte avstandar. Dei et mykje hjort, men dei aller fleste pattedyr står på menyen.

Dyret hevdar store revir, kor dei ulike kjønna sine kan overlappa. Dette fører til at hannen får oversikt over når hoa er i brunst. Då dannar dei par og lever saman i to veker. Kullet er på 2-6 ungar og vert fødd i bortgjemte hi fora med mose og lyng. Dei vert verande med mora i om lag to år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Puma