Cynewulf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cynewulf
Statsborgarskap Mercia
Fødd 9. hundreåret
England
Død

9. hundreåret
England

Yrke lyrikar, skribent

Cynewulf var ein angelsaksisk diktar som levde ei tid mellom 700-talet og tidleg på 900-talet. Han er ein av tolv namngjevne angelsaksiske diktarar, og ein av dei fire med verk som framleis er å finne i dag.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje angelsaksiske dikt er spekulativt tillagt Cynewulf, men moderne forskarar reknar i dag fire dikt som sikkert skrivne av han: Lagnadane til apostlane, Juliana, Elene og Crist II. Desse dikta har samla fleire tusen verseliner. Til samanlikning er Cædmondskvadet på ni liner alt i alt. Dikta tek for seg ulike kristne motiv, og ein reknar derfor med at Cynewulf var ein geistleg. Juliana skildrar livet til ein romersk helgenmartyr, Elene er den eldste engelske forteljinga om heilage Helena og den sanne krossen, Crist II er del av ein diktsyklus om Kristus og handlar om himmelfarten og dei andre spranga gjort av Jesus, medan Lagnadane til apostlane er eit nokså kort martyrologium om dei tolv apostlane.

Dikta til Cynewulf skil seg ut fordi dei er signerte av diktaren. Cynewulf gjorde dette gjennom å plassera runer på ulike linjer i slutten i kvart av dikta, som elles er skrivne med latinske bokstavar. Lesne saman stavar runene namnet hans. Samtidig har runenamna symbolske tydingar som gjer dei til ein viktig del av diktet.

Dialekt[endre | endre wikiteksten]

Ut frå forsking på målføre, kan ein slå fast at Cynewulf nyttar språklege former som skil seg frå den klassiske vestsaksiske dialekta av gamalengelsk. Mest truleg skreiv han på anglisk dialekt, noko som set opphavet hans til Mercia eller Northumberland.

Dette kjem fram gjennom metrisk og lingvistisk analyse av til dømes Elene, der metrikken fell på plass om ein legg inn angliske heller enn normaliserte vestsaksiske former.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Cynewulf er omsett til moderne engelsk fleire gonger, mellom anna av S.A.J. Bradley i Anglo‐Saxon Poetry (1982), Earl R. Anderson i Cynewulf (1983), Juliana (1955), redigert av R. Woolf og Elene (1958), redigert av P.O.E. Gradon.

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Både diktet Crist og Elene nyttar omgrepet Middangeard, som vart nytta av J.R.R. Tolkien som nemning på verda han sette forteljingane sine i (Midgard). I tillegg var linene frå Crist avgjerande som inspirasjon for utviklinga av legendariet:

Eala Earendel Engla Beorthast
Ofer Middangeard Monnum sended
Ver helsa, Earendel, bjartast av englar
Til Midgard send for Mannesønom.

Tolkien skreiv: «Det var noko fjernt, fagert og framandt bakom desse orda, om eg kunne gripe det, langt bakom gamal engelsk». Det første diktet om Earendel eller Eärendil skriv seg frå så tidleg som 1915.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Verk av Cynewulf i moderne engelsk omsetjing av Charles W. Kennedy (PDF-format):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dinah Birch, «Cynewulf», ;;The Oxford Companion to English Literature (7 ed.), Oxford University Press, 2009. ISBN-13 9780192806871, eISBN 9780191735066
  • Robert Hasenfratz & V. Penelope Pelizzon, «Translators' Note: Runic Signature for Cynewulf’s “Fates of the Apostles» Arkivert 2015-06-10 ved Wayback Machine., poetryfoundation.org
  • Elizabeth Knowles, «Cynewulf», The Oxford Dictionary of Phrase and Fable (2 ed., 2005), Oxford University Press, ISBN-13 9780198609810, eISBN 9780191727047
  • Kristian Smidt (16. mars 2009), «Cynewulf», Store norske leksikon. Henta 12. november 2013.

  • Delar av denne artikkelen byggjer på «Cynewulf» på Engelsk Wikipedia.