Cyphochilus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cyphochilus


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Orden: Coleoptera
Underorden: Polyphaga
Familie: Scarabaeidae
Underfamilie: Melolonthinae
Slekt: Cyphochilus
Artar
Vitskapleg namn
Cyphpochilus

Cyphochilus er ei billeslekt med uvanleg kvite kroppar som ein kan finne i søraust-Asia. Dei har skjold som er kvitare enn alt anna i naturen, sjølv mjølketenner og papir.

Fargen[endre | endre wikiteksten]

Kvitheita i billa sin kropp kjem av av eit tynt lag gjenspeglande fotonisk stoff i skjoldet. Dette er berre fem mikrometer, og bygd opp av eit nettverk av nanoskjelprotein som er samansett heilt utan nokon form for system. Desse uordna delane har ei anna lysbryting enn lufta som omgjev dei, som gjer at dei kan spreie lyset over heile det synlege spekteret.

Ein trur at billa har utvikla kvitheita som kamuflasje, og at den finn løyn for rovdyr rundt ein lokal kvit soppart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]