Biller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biller, billor


Trebukk

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Orden: Coleoptera
Linné1758
Underordenar
med fleire

Biller (Coleoptera) er ein insektorden. Dette er ei av dei dyregruppene som er rikast på artar. Meir enn 350 000 billeartar er skildra. Over 3 000 av dei finst i Noreg.

Mellom billene er det stor variasjon, både i storleik og utsjånad. Storleiken varierer frå 0,5 til 10 cm. Kroppen kan ha mange fargar. Brunt og svart er vanlegast, men nokre artar har sterke fargar i gult, raudt eller grønt.

Biller kan vera nyttedyr eller gjera skade.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Biller er, som alle andre insekt, delt inn i tre hovudbolkar: hovud, bryst og bakkropp. Hovudet ber store fasettaugo og eit par antenner, som regel med elleve ledd. Munndelane er bitande med to par kjevar - mandiblane og maxillane. Maxillane og underleppa har kvart sitt par med palpar, maxillarpalpane består av fire ledd, medan leppepalpane er treledda.

Brystet eller thorax er samansett av tre ledd, som hjå andre insekt. Frambrystet dannar mellom anna den store ryggplata protonum mellom hovudet og dekkvengjene, ei plate som ofte er særs viktig ved artsbestemming. Mellombrystet bèr dei sterkt kitiniserte, ugjennomsiktige dekkvengjene, som vert nytta til å verna om dei sårbare flygevengjene på bakbrystet. Den felles innerkanten til dekkvengjene vert kalla saumen, og framme i denne ser me ofte eit lite trekanta skjold scutellum. Flygevengjene er membranøse og ligg i kvilestilling bretta saman på langs under dekkvengjene.

Anatomi hjå ei kortvengjebille. 1. Antenner, 2. Mandiblar, 3. Overleppe, 4. Maxillepalpar, 5. Clypeus, 6. Fasettaugo, 7. Vertex, 8. Pronotum, 9. Scutellum, 10. Dekkvengjer, 11. Bakkroppssegment, 12. ?, 13. Forbein, 14. Mellombein, 15. Bakbein

På brystet sit òg beina til billene. Dei har tre par, eit på kvart brystsegment, og kvart bein er sett saman av minst fem ledd: Hofte coxa, lårring trochanter, lår femur, legg tibia og som regel fem tær tarsus. Ytste tåledd har oftast eit par klør.

Bakkroppen eller abdomen er sett saman av opp til åtte synlege ledd, i tillegg til to som ligg gøymd bak lårledda på bakerste beinpar. Kvart segment er sett saman av ei ryggplate tergitt og ei bukplate sternitt, som vert heldt saman av ei elastisk bindehud. Som regel er heile bakkroppen skjult under dekkvengjene, men hjå somme artar er dei bakste ledda synlege og vert då kalla pygidium. Udekte segment er ofte sterkt forpansra med kitin.

Billene er farga ulikt på grunnlag av pigmentstoff i eksoskjelettet deira. Dei fleste artane er dominerte av brune og svarte nyansar på grunn av fargestoffet melanin, men det finst òg ein del gule, raude og oransjefarga artar med mykje karotin. Metallglinsande fargar er heller ikkje uvanleg.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Typiske billelarvar

Biller har fullstendig forvandling, det vil seie at dei går gjennom fire stadium i løpet av livet: egg, larve, puppe og imago eller vakse insekt.

Billelarvar er, som dei vaksne, bygd opp av tre grunnleggande kroppssegment. Hovudet er sterkt kitinisert og velutvikla med opp til seks punktaugo (ocelli) og bitande munndelar som dei vaksne. Antennene er tre eller fire ledd lange.

Brysta er ikkje like varierande hjå larvar som hjå vaksne biller, men det førekjem skilnadar mellom anna i grad av sklerotisering (kitinisering). Desse botnar som regel i leveviset til dyra - kjøtetande larvar har hardare bryst enn planteetarar.

Mange billelarvar manglar bein heilt, mellom anna snutebiller og barkebiller. Dei som har bein har anten seksledda eller femledda bein. Som hjå dei vaksne er det seks av dei, og dei sit fest til brystsegmenta.

Bakkroppen til billelarvane består av ti segment, stundom med modifikasjonar. Ryggsida av niande ledd har ofte para utvekstar - viss dei er ledda kallar me dei cerci, og viss dei er uledda kallar me dei urogomphi. Mange billelarvar har dessutan ein støttefot under tiande ledd. Somme vasslevande billelarvar har trakegjeller langsetter bakkroppen.

Larvane skiftar hud vanlegvis tre til fire gongar før dei forpuppar seg. Dei fleste biller har såkalla «frie» puppar, det vil seie at puppehinna omsluttar kvart bein for seg slik at dei ligg laust inn til kroppen. Somme kortvengjebiller har mumiepuppar, som snører seg tett rundt heile dyret så beina vert klistra inn mot sjølve insektet.

Ofte klekkar vaksne biller frå puppen seint på året, før vinteren kjem. Dei overvintrar difor som regel før dei kjem fram til neste vår.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Det finst over 350 000 beskrivne billeartar, og dei er kjende frå så godt som alle habitat der ein kan venta å finna insekt. Dei fleste biller er landdyr som lever i skog, åker og eng, på stepper eller i ørkenar. Mange artar har òg tilpassa seg ferskvatn og brakkvatn, men ingen er kjende frå havet.

Dei aller fleste biller er planteetarar. Mange brukar til dømes larvestadia sine inne i plantevev, særleg under bark og i ved. Det finst òg mange som grev i bladvev eller dannar gallar.

Det finst òg mange biller som lever av kjøt. Løpebiller, vasskalvar og mange kortvengjer er døme på aktive predatorar som jagar og fangar bytteorganismane sine, medan til dømes åtselbiller og stumpbiller hovudsakleg lever av åtsel. Berre nokre særs få biller lever parasittisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Biller