Dagfinn Grønoset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagfinn Grønoset (4. april 192028. januar 2008) var ein norsk forfattar og journalist, fødd i Trysil, busett i Elverum. Den største suksessen hans var boka Anna i ødemarka frå 1972, som danna skule for dokumentarbiografiar om gløymde kvardagsheltar i utkant-Noreg på 1970-talet.

Grønoset vart tilsett i Østlendingen i 1939. Frå 1952 hadde Grønoset omfattande skriveri og opptredenar i riksdekkande kanalar, hovudsakleg med kvardags-slitaren som artikkel- og intervjuobjekt. Grønoset fekk ei rekkje prisar for arbeidet sitt, og vart i 1989 heidra med Kongens fortenestmedalje i gull.

Han var gift med journalist og forfattar Rise Grønoset, og gjennom det svoger av den tidlegare danske utanriksministeren Uffe Ellemann-Jensen.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vandring i villmark (1952, utvida utg. 1981), biografiar og reportasjar frå Femundsmarka. Om Oliver Sylen, Olava Femundshytta o.a.
  • Finnskog og trollskap (1953), vart også populær film.
  • Gull i sporet (1956), biografi om Hallgeir Brenden.
  • Nitahå-jussi (1957), biografi om bygdeoriginalen Nitahå-Jussi frå Finnskogen.
  • Med kong Olav mot nord (1959)
  • Villmarksfolk (1959), illustrert av Kjell Aukrust.
  • Langs bygdevegen (1960, saman med Vidar Sandbeck)
  • I Vinjes fotspor (1960), reiseskildring gjennom Sollia og Folldal.
  • Bella Capri (1961), frå øya Capri.
  • Folk fra skogene (1970, 1984), ni forteljingar frå øydemarka.
  • Anna i ødemarken (1972), den mestseljande boka hans, omsett til fjorten språk. Om unge Anna som hamnar som tenestejente på den veglause garden Haugsetvolden ved Isteren i Engerdal.
  • Tater-Milla (1974), om dottera til den kjende tateren Stor-Johan.
  • Barnet Gud gløymde (1979)
  • Femundsmarka (1979, saman med Ragnar Frislid og Per Hohle)
  • Gunnhild fra skogene (1982), biografi.
  • Dalene i øst (1983), ny, utvida utgåve av I Vinjes fotspor.
  • Furer i fedrelandet (1984), illustrert av Kjell Aukrust.
  • Finnskogens folk (1985), ny, utvida utgåve av Finnskog og trollskap og Nitahå-Jussi.
  • Kvinner på veg og vidde (1986)
  • Villmark og vinløv (1988), illustrert av Kjell Aukrust.
  • Det rotfaste folket (1990), illustrert av Kjell Aukrust.
  • Hurra for livet (1991), refleksjonar, illustrert av Ulf Aas.
  • Viser ved vegen (1994), illustrert av Bea Bekkelund