Dalmatisk
Dalmatisk er eit utrydda romansk språk som før i tida vart talt i regionen Dalmatia i den noverande staten Kroatia, og òg så langt sør som Kotor i dagens Montenegro.
Brukarane av dalmatisk budde i kystbyane Zadar, Trogir, Split, Dubrovnik og Kotor (Iadera, Tragurium, Spalatum, Raugia og Cattaro), og i kvar av desse byane fann ein ein eigen dialekt. Språket vart òg brukt på øyane Krk, Cres og Rab (Vikla, Crepsa og Arbe).
Innhaldsliste |
Dialektar [endre]
Nestan kvar einaste by utvikla sin eigen dialekt, likevel forsvann nestan alle før dei vart nedteikna, så dei einaste spora av dialektane finn ein i kroatiske lånord som blir brukt i lokale dialektar.
Ragusan [endre]
Ragusan er den nordlege dialekten. Namnet vart utvikla frå det italienske namnet på Dubrovnik, «Ragusa».
Vegliot [endre]
Vegliot (det opphavlege namnet er Viklasun) er den nordlege dialekten. Namnet Vegliot kjem frå det italienske namnet for øya Krk, «Veglia».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Dalmatisk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2012.