Rab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rab
Det historiske sentrumet på Rab
Det historiske sentrumet på Rab
Geografi
Croatia - Rab.PNG
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 44°46′N 14°46′E
Areal 93,6 km²
Høgaste punkt Kamenjak (408 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar
Største busetnad Rab (554 innb.)
Demografi
Folketal 9 480 (2001)

Rab (italiensk Arbe) er ei lita øy i Adriatarhavet ved kysten av Kroatia, og i Primorje-Gorski Kotar fylke. Øya var tidlegare grensa mellom Liburnia og Dalmatia.

Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 9 480 innbyggjarar (2001). Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med karstbergartar, medan sørvestsida er dekt av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ein arbalestturnering og ein mellomalderfestival.

Den største landsbyen på øya heiter òg Rab. Han har 554 innbyggjarar (2001) og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.

Landsbyen Rab har ei lang historie som går tilbake til 360 fvt. då han vart grunnlagd av illyrarane. Frå 200-talet fvt. til 500-talet evt. var Rab ein del av Romarriket. Den romerske keisaren Augustus erklærte øya eit Municipium i år 10. Han vart den første landsbyen i det romerske Dalmatia som fekk ærestittelen felix. St. Marinus, den kristne grunnleggjaren av San Marino, kom opphavleg frå Rab, men skal ha flykta frå øya i 301Diocletian forfulgte han.

I mellomalderen var Rab ein del av Austromarriket, og ein kort periode ein del av Kongedømet Kroatia. I 1358 kom øya under styret til Kong Louis den store, Angevin-herskaren av Ungarn. Frå renessansen var øya styrt av Venezia, og frå 1800-talet vart ho ein del av Austerrike-Ungarn, fram til det vart oppløyst. Øya var så italiensk før ho vart ein del av Jugoslavia etter 1945.

Under den andre verdskrigen oppretta det fasicistiske Italia Rab konsentrasjonsleir på øya, der over tusen menneske vart drepe mellom 1942 og 1943. I 1953 vart det oppretta eit minnesmerke for dei falne ved landsbyen Kampor.

Dei fire kyrkjetårna vart eit symbol på byen og øya. Det eldste av desse går heilt tilbake til 1000-talet. Den verste katastrofen på øya var utbrotet av ein byllepest i 1456, kraftig reduserte folketalet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]