Daniel-François Auber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daniel-François Auber
D-F-E Auber.jpg
Fødd 29. januar 1781, Caen i Frankrike
Død 13. mai 1871 (90 år), Paris
Periode Romantikken
Sjanger Opera
Yrke Komponist

Daniel François Esprit Auber (29. januar 178213. mai 1871) var ein fransk komponist.

Han var ein dominerande person på i fransk opera på 1800-talet og var son av ein kongeleg jeger i Normandie. Auber viste seg dugande på klaver alt som barn ,og i 1799 hadde han skrive ein strykekvartett som synte spor av den komande romantikken. Det første scenearbeidet til Auber, Julie, nådde scenen i ei amatørframføring i 1805. I 1811 såg den italienske komponisten Luigi Cherubini ein revidert versjon og gjekk med på å ta Auber under vengjene sine. Fleire mislukka prosjekt gjorde at Auber etter kvart gav opp komponeringa kring 1813, men i 1819 døydde faren hans utan pengar, og Auber gjekk tilbake til komponering for å overleve. Året etter slo Auber gjennom med Le bergère châtelaine.

I 1823 møtte Auber skodespelarforfattaren Eugène Scribe og det første store verket deira, Le Maçon, kom ut i 1825, og med denne starta «gullalderen i komisk opera». I 1828 fullførte Auber og Scribe ei bestilling frå Académie Royale de Musique med La muette de portici, òg kjend som Masaniello. Denne store operaen, som omhandla eit napolitansk opprør på 1600-talet, var så effektivt at det fungerte som ein pådrivar får eit suksessrikt belgisk opprør mot den nederlandske okkupasjonen i 1830. Dette året introduserte Auber og Scribe Fra Diavolo som er ei komisk soge om bandittliv. Dette skapte ein heil undersjanger med komiske bandittoperaer I 1833 gav partnarskapet ein ny stor opera, Gustave III, og ein italiensk omsetjing av librettoen til Scribe var seinare grunnlaget for Verdi sin Un Ballo in Maschera. Le Domino Noir frå 1837 vart den mest spelte operaen til Auber/Scribe på 1800-talet og hadde vorte spelt 1209 gonger fram til 1909.

I 1842 vart Auber leiar av Conservatoire i Paris. Han var med på å byggje opp denne institusjonen i dei 30 åra han var der og utvida avdelingane for komponering, piano og orkesterinstrument. I 1861, då Scribe døyddee, skreiv Auber berre to operaer til. Den andre av desse, Rêve d'amour, var den siste hitten hans, og vart produsert i 1869 då Auber var 87 år gammal. I 1870 braut den fransk-prøyssiske krigen ut og Auber gav seg i stillinga si ved Conservatoire slik at bygningen kunne nyttast som sjukehus. Den aldrande komponisten overlevde ikkje skrekken og okkupasjonen av Paris lenge, og døydde 89 år gammal, under den tyske okkupasjonen.

Dei neste fire tiåra vart fleire av operaene til Auber framført på scenen i Paris og andre stader. Sjølv tidlege grammofonopptak syner kor enormt populær han var. Ellen Beach Yaw si innspeling av «C'est l'histoire amoureuse» frå Manon Lescaut, vart spelt inn for Gramophone & Typewriter i London i 1898. Ved 1910 vart dei fleste verka til Auber fjerna frå sjølv det franske repertoaret, og berre Fra Diavolo som framleis heldt stand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Daniel-François Auber