Luigi Cherubini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luigi Cherubini

Luigi Cherubini, ca. 1815-1824, Institut Royal de France, Académie des Beaux Arts (musique).
Fødd8. eller 14. september 1760
FødestadFirenze i Italia
Død15. mars 1842 (81 år)
DødsstadParis
FødenamnMaria Luigi Carlo Zenobio Salvatore Cherubini
OpphavFrankrike, Storhertugdømet Toscana, Storbritannia
PeriodeKlassisismen
SjangerKormusikk, opera, kammermusikk
Verka somKomponist
Gift medAnne-Cécile Tourette
Prisarkommandør av Æreslegionen
Luigi Cherubini med ein Legion d'Honneur-medalje, litografi av Marie Alexandre Alophe etter eit måleri (Imp. d'Aubert & Co. Galerie de la Presse de la Literature et des Beaux Arts, ca. 1850).

Luigi Cherubini (8. eller 14. september[1] 1760 – 15. mars 1842) var ein italienskfødd komponist som levde det meste av livet sitt i Frankrike. Dei viktigaste verka hans er operaer og kyrkjemusikk. Beethoven såg på Cherubini som den største av sine samtidige.[2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Cherubini var fødd i Firenze i september 1760 og starta å studere musikk med faren. Det første verket hans ei messe og Credo vart framført i 1773. Fem år seinare studerte han med Giuseppe Sarti og komponerte den første operaen sin, Il Quinto Fabio, under denne læretida. Han kom attende til Firenze i 1782 og heldt fram å komponere operaer. I 1785, etter eit vellukka besøk i London, reiste Cherubini til Paris, og busette seg der permanent. Det første verket hans for den franske scenen var operaen Démophon, som vart produsert i 1788. Året etter, som markerte starten på den franske revolusjonen, vart Cherubini utnemnd som direktør i eit nytt operaselskap under vern av bror til Kong Ludvig XVI, som seinare styrte Frankrike som Ludvig XVIII av Frankrike. I 1791 produserte Cherubini operaen Lodoïska, som fekk særs god mottaking. I 1792 vart derimot operaselskapet, som dei revolusjonære såg på som ei leivning etter dei kongelege, lagt ned og Cherubini søkte tilflukt på landet i Normandie hos ein ven. I 1793 vendte han attende til hovudstaden, og håpte trass i den farlege politiske situasjonen, å halde fram karrieren sin. Cherubini klarte å skaffe seg dei rette politiske kjennskapane og fekk ei stilling ved Institut National de Musique. Då instituttet vart Conservatoire National i 1795, vart Cherubini ein av inspektørane. I denne perioden komponerte Cherubini became one of its inspectors. During this period, Cherubini composed efemerisk verk som hylla den nye regjeringa.

Eit vendepunkt i karrieren til Cherubini var produksjonen av Medée i 1797. Som Philip G. Downs hadde observert, var Medée ei glimrande blanding av opéra comique (med talt dialog) tragédie lyrique (med ei soge frå mytologien), Glucks opera og den allegoriske operaen under den franske revolusjonen.[3] Medea, den mytologiske trollkvinna som tek livet av borna sine, vert tradisjonelt skildra som ein demonisk figur, medan det i verket til Cherubini vert fokusert på den grøssande og vonde, men likevel menneskelege sida ved ho.[3]

I 1805 reiste Cherubini til Wien der han møtte Haydn, Beethoven og Napoleon, som då hadde erobra Wien. Den franske keisaren, som aldri heilt verdsette musikken til Cherubini, oppfordra komponisten til å reise attende til Paris. Etter han kom attende, vart Cherubini særs deprimert og mista all interesse for musikk.[3] Han trekte seg attende til chateauet til prinsen av Chimay og starta med måleri og botanikk. Heldigvis vart han bede om å komponere ei messe for kyrkja i Chimay, og dette fekk han attende til musikken. Inspirasjonen var like kraftig som før, og Cherubini starta å skrive musikk for kyrkja. I 1822 vart han direktør for Paris-konservatoriet, der han fekk ry som ein særs god administrator. Sjølv om han hadde ei særs travel stilling ved konservatoriet, heldt han fram å komponere mange andre verk, mellom anna Rekviem i D-moll. Dette vart først framført i 1836 og vart òg framført i gravferda hans etter eige ønske.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Cherubini vart beundra av andre musikarar og skal ha vore favorittkomponisten til Beethoven av hans samtidige. Det Beethoven og mange andre særleg beundra var måten han blanda polyfonisk virtuositet med klassisk stil og ein romantisk sans for drama i musikken med stor djupne og dramatisk kraft.[3] Verket som gjorde Cherubini kjend som dramatikar var operaen Medée. I kyrkjemusikken, og særleg i seinare verk, kombinerte Cherubini kontrapunkt, som han hadde stor kjennskap til og var dyktig i, med ei evne til å uttrykke eit kjenslemessig dramatisk trykk.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Operaer[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjemusikk[endre | endre wikiteksten]

Messer[endre | endre wikiteksten]

  • Fem messer: (1773–1776) (tapt).
  • Messe i B-dur, Messe solennelle breve (første) (–?–).
  • Messe i A-dur for tre stemmer (1808–1809).
  • Messe i F-dur, Messe de Chimay (1808-1809).
  • Missa solemnis i D-moll, Per il Principe Esterházy (1811).
  • Messe i C-dur (1816).
  • Messe i G-dur for kroninga av Ludvig XVIII. (1816-1819).
  • Missa solemnis i E-dur (1818).
  • Messe i A-dur, Messe solennelle (tredje), for kroninga av Karl X (1825).

Rekviem[endre | endre wikiteksten]

Motettar og andre korverk[endre | endre wikiteksten]

  • 38 motettar.
  • Hymne du Pantheon.

Kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Strykekvartett nr.1 i Ess-dur, (1814).
  • Strykekvartett nr.2 i C-dur, (1829). Dette er ein transkripsjon av hans Symfoni i D-dur med ein ny andresats.
  • Strykekvartett nr.3 i D-moll, (1834).
  • Strykekvartett nr.4 i E-dur, (1835).
  • Strykekvartett nr.5 i F-dur, (1835).
  • Strykekvartett nr.6 i A-moll, (1837).
  • Strykekvintett (2 fiolinar, bratsj & 2 violoncell) i E-moll (1837).

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Mellom anna ein symfoni, kantate, overture og Hymne au printemps («Hymne til våren») for Philharmonic Society of London (1815).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Basil Deane, Cherubini (Oxford Studies of Composers, 1965)
  1. Sadie, Stanley, red. (1994) [1992]. The New Grove Dictionary of Opera. vol. 1, A-D, chpt: "Cherubini, (Maria) Luigi (Carlo Zanobi Salvadore)" av Stephen C. Willis. New York: MacMillan. p. 833. ISBN 0-935859-92-6. 
  2. Holden, Amanda; Kenyon, Nicholas editor3=Walsh, Stephen (red.). The Viking Opera Guide. London: Viking. s. 209. ISBN 0-670-81292-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Luigi CherubiniAllmusic av Zoran Minderovic. Henta 22. juli 2010.
  4. Deane s.30

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Luigi Cherubini