Daniel Cornelius Danielssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daniel Cornelius Danielssen
Foto: Claus Peter Knudsen

Daniel Cornelius Danielssen ( 4. juli 181513. juli 1894) var ein lege og stortingsmann frå Bergen, der far hans var urmakar.

Danielssen var 1828-32 elev ved Svaneapoteket i heimbyen. Han avla preliminæreksamen i 1835 og vart cand. med. i 1838. 1840-46 var Danielssen mellom anna korpslege ved nordfjordske musketerkorps som vart stasjonert i Bergen. Vinteren 1839-40 arbeidde han på lepra-hospitalet St. Jørgens i Bergen. Oppgåva hans var å kome med vitskaplege hypotesar om sjukdomen, noko som vart vidareført då Danielssen i 1843 vart tilsett som lege ved hospitalet og regjeringa løyvde midlar til studiar av leprasykja. Både i 1843, 1847 og 1853 reiste han på studietur i utanlandet.

År 1846 vart Danielssen overlege ved den nyskipa anstalten for å lækje spedalske, Lungegaardshospitalet. Hospitalet, som vart opna i 1849, var eit leiande forskingssenter i Europa på leprasykja i siste halvdelen av 1800-talet. Danielssen si styrande tese var at sjukdomen var ein slags blodsjukdom. Forskingsarbeidet hadde sitt store gjennombrot då Gerhard Henrik Armauer Hansen i 1873 oppdaga leprabasillen.

Danielssen var medlem av ei rekke organ som sysla med ulike former for helsearbeid. Elles var han medlem av bystyret i Bergen frå 1856 og av styret for Bergens Museum frå 1862. Han var preses for museet frå 1864 til han døydde.

Danielssen var 1. varamann for Bergen til Stortinget 1859-60, og møtte då ein vald representant, Jens Schydtz, døydde straks etter valet. Han var 1. representant på det neste Stortinget 1862-63, samt omframstortinget 1864. Både i 1859-60 og 1862-63 var han medlem av budsjettkomiteen og komiteen om stortingsbygninga. 1859-60 var han elles medlem av komiteen om statthaldarsaka, medan han 1862-63 og 1864 var medlem av valkomiteen. Danielssen var åra 1871-76 stortingsmann på ny. Han var då medlem av næringskomite nr 1 og valkomiteen i begge valperiodane, 1871-73 var han i tillegg medlem av komiteen om jarnbaneanlegg og 1875-76 av komiteen om røystrettsendring.

29. april 1876 vart Danielssen permittert frå Stortinget, for å vere med på den norske nordpolsekspedisjonen 1876-78. Danielssen, som og studerte zoologi, var leiar for ekspedisjonen sitt vitskaplege arbeid.

Danielssen døydde i Bergen i 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]